Mirndi eller mindi er ein australsk språkfamilie som vert snakka i Nordterritoriet i Australia. Familien består av to undergrupper og ei isolert grein: Yirram-språka, ngurlun-språka og jingulu ca. 200 km lenger søraust, skilde frå kvarandre av ngumpin-språka. Den primære skilnaden mellom dei to undergruppene er at medan yirram-språka alle uttrykker bøying med hjelp av prefiks på same måte som andre ikkje-pama-nyunganske språk, er ngurlun-språket alle suffikserande språk som dei fleste pama-nyunganske språka.

Namnet til familien er avleidd frå det inkluderande totalspronomenet ('vi to', dvs. 'du og eg') som blir delt av alle språka i familien i form av anten mind- eller .

Klassifisering Språkfamilien har blitt akseptert etter at ho først vart identifisert av Neil Chadwick på byrjinga av 1980-talet. Det genetiske sambandet er hovudsakleg basert på morfologi og ikkje på eit delt ordforråd, det sterkaste beviset er funne i pronomensystemet. Men «det er svært få andre systematiske likskap på andre grammatiske område, som kastar nokre tvil om mirndi-klassifikasjonen, og gjer han mindre sikker enn generelt akseptert.» Likevel er proto-mirndi frå 2008 blitt rekonstruert.

Det kan leggjast til eit språk til, ngaliwurru. Det er likevel ikkje sikkert om det er eit språk i seg sjølv, eller berre ein dialekt av jaminjung. Det same gjeld for gudanji og binbinka, sjølv om desse generelt blir sett på som dialektar av wambaya. Desse tre språka eller dialektane blir gjerne referert til som McArthur River-språk.

Ordforråd På grunn av den nære kontakten mellom yirram-språka og ngurlun-språk, og ngumpin-språka og andre språk, kan mange av dei orda som yirram og ngurluna har felles faktisk vera låneord, særleg lånord frå ngumpin. For eksempel, medan barkly-språket jingulu berre deler 9% av ordforrådet sitt med slektspråket yirram, ngaliwurru-dialekten av jaminjung-språka, delar det 28 % av ordforrådet med ngumpin-språken mudburra, som blir snakka i nærleiken, men som jingulu ikkje er i slekt med.

Jingulu delar 29 % og 28 % av ordforrådet sitt med wambaya og ngarnka. Ngarnka deler 60 % av ordforrådet sitt med wambaya, medan wambaya deler 69 % og 78 % med dialektane sine, binbinka og gudanji. Desse to dialektane på si side deler 88 % av ordforråda sine med kvarandre.

Capell (1940) listar opp følgjande grunnleggjande vokabular:

{| class="wikitable sortable" ! gloss ! Nungali !! Jilngali !! Djämindjung !! Ngaliwuru |- ! mann

! kvinne

! hovud

! auge

! nase

! munn

! tunge

! mage

! bein (knokkelen) | || , || || |- ! blod

! kenguru

! pungrotte

! emu

! kråke

! fluge

! sol

! måne

! eld

! røyk

! vatn

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mirndi languages» frå , den 7. juni 2026.

Kategori:Språkfamiliar