mini|Sion Mills Pipe Band ved Tyrone County Fleadh i 2019. mini|Utandørs session ved fleadhen i Mullingar i 2022. mini|Utandørskonsert ved ein fleadh i Omagh i 2019. Fleadh Cheoil (irsk uttale: [ˌfjljaː ˈçoːlj]), eller ‘musikkfestival’, er ein årleg irsk kulturfestival og konkurranse som blir halden av Comhaltas Ceoltóirí Éireann, ein ideell organisasjon som har som mål å fremja læring og framføring av irsk folkemusikk og -dans både innan Irland og internasjonalt. Gruppa har internasjonale greiner i fleire land.
Kvart år blir det halde eit Fleadh Cheoil på ein ny stad. Dette gjer det lettare å sjå nye musikarar og stilar, og å oppdaga nytt repertoar for alle som er til stades. I løpet av tiåra er det blitt halde fleadhar i alt frå store byar til landsbyar, som Mullingar, Sligo og Tullamore, blant mange andre.
Tevlinga, som kanskje er den mest prestisjefulle og «seriøse» delen av arrangementet, blir halden i lag med eit opptog, talrike improviserte jam-sessionar og utøvande musikarar – mange av globale kjende og tidlegare All-Ireland-vinnarar, sjølve. Offentlege musikksesjonar, som skjer spontant på festivalen og i heile vertsbyen, er ofte høgdepunkt i Fleadh for mange, med musikarar på gatehjørne, i pubar, restaurantar eller andre offentlege stader. Konkurrentar og deltakarar i Fleadh Cheoil kjem frå heile Irland, og mange europeiske land, Storbritannia, USA, Canada, Australia, New Zealand, Japan og andre.
Det er ulike stadium i konkurransen, med ulike grader av lokale titlar ein må ha før ein kan delta ved Fleadh. I Irland finst det fylke- og provinskonkurransar som fører fram til Fleadh.
Tevlingane har solo- og duo-kategoriar, og er delte inn i følgjande aldersklassar: under 12, 12-15, 15-18, over 18 (senior), alle aldrar, U-18, U-9, 9-11, 11-13, 13-15, 15-18 (for Cómhra) og O-35.
Historie Det fyrste nasjonale festivalen for irsk folkemusikk blei halden i Mullingar i 1951. På oppstartmøtet i september 1951 blei tittelen Fleadh Cheoil innført av Comhaltas Ceoltóirí Éireann, med sikte på å gjera dette til ein stor nasjonal festival for tradisjonsmusikk. Festivalen har sidan blitt halden på mange ulike stader.
I åra som følgde, auka talet på dei som ville konkurrera så mykje at det måtte haldast kvalifiseringstevlingar på county- og provinsnivå. Fleadh Nua (den nye fleadhen) i Irland, Fleadh na Breataine (ein all-britisk fleadh), regionale fleadhhar i Storbritannia og to store fleadhhar í USA har òg blitt til årlege Comhaltas Ceoltóirí Éireann-arrangement.
Festivalen blei halden i Tullamore i County Offaly i 2008 og hadde eit anslått publikum på 250 000 menneske. Dette gjorde tilstellinga til den største festivalen i Irland.Tullamore's Fleadh-trick Offaly Express, 27 August 2008 Fleadhen blei halden i Sligo i 2014 og 2015.
Festivalen i 2016 blei halden i Ennis i County Clare, og hadde eit anslått publikum på 400 000 over ni dagar frå 14. til 22. august. Blant dei vitjande var president Michael D. Higgins, som hadde gått på skule nær Ennis. Ti tusen musikarar deltok i 2016, og 6 000 av dei deltok i 180 All-Ireland-konkurransar. Det blei halde 28 konserter, fem av dei i den 2000 sete store Shannon Aerodome i Tim Smythe Park. Fleadh Cheoil 2017 blei også halden i Ennis. Festivalen blei opna av Michael Flatley, og over 450 000 folk deltok.
Fleadh Cheoil i Mullingar i 2023 sette rekord for tilskodarar med eit totalt tal p[ 600.000. Wexford i 2024 sette ny rekord med over 650 000 tilskodarar. Dette blei så slått igjen med eit estirmert tilskodartal på 800.000 ved Fleadhen i 2025, òg i Wexford.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fleadh Cheoil» frå , den 31. mai 2026.
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Fleadh Cheoil
Kategori:Festivalar i Irland Kategori:Musikkfestivalar Kategori:Irsk folkemusikk Kategori:Skipingar i 1951