mini|328x328pk|Den angelsaksiske fuþorcen (abecedarium anguliscum) synt fram i Codex Sangallensis frå år 878. Den angelsaksiske fuþorcen (eller futhorc), au kjend som angelfrisiske runer, er runer som var nytta av angelsaksarane og mellomalderske frisarar (saman kalla angelfrisarar) til å skriva ned måla sine. I dag er runene kjende som fuþorc (f-u-th-o-r-c) frå dei seks fyrste runene og ljodane deira (, fuþorc). Fuþorc greina seg ut frå dei 24 fellesgermanske runene, i dag kjende som den eldre fuþarken, og voks til 28 runer i den eldre forma og opp til 34 runer i den yngre forma før det engelsklatinske alfabetet vart einrådug. Samstundes i Skandinavia vart den eldre fuþarken stytt til 16 runer, som vi i dag kallar den yngre fuþarken.

Bruken av dei angelfrisiske runene skal ha byrja i det 5. hundreåret og ha halde fram inn i høgmellomalderen. På 800-talet vart dei etter kvart bytt ut med det engelsklatinske alfabetet som misjonærar introduserte til England ved utgangen av 600-talet. I det 11. hundreåret skal ikkje fuþorc ha vore vanleg lenger, men folk skal ha forstått runene heilt til det 12. hundreåret.

Runerekkja I all hovudsak har fuþorcen dei same runene som den eldre fuþarken, men den gamle ᚨ *anzus-runa vart delt opp i tre på grunn av angelfrisiske vokalbrigde: ᚩ ós (ås) heldt plassen hennar i runerekkja, og dei nye runene ᚪ ác (eik) og ᚫ æsċ (ask) vart sette heilt attarst. ᛠ éar-runa kom seinast i det 9. hundreåret, medan ᚣ ýr-runa vart til av å teikna ei loddrett line mellom stavane i ᚢ *ūruz-runa – liksom punktet i den stungne ᚤ úr-runa i den yngre fuþarken. Eldre fuþarkᚠ fᚢ uᚦ þᚨ aᚱ rᚲ kᚷ gᚹ wᚺ hᚾ nᛁ iᛃ jᛇ ïᛈ pᛉ zᛊ sᛏ tᛒ bᛖ eᛗ mᛚ lᛜ ŋᛟ oᛞ dAngelsaksisk fuþorcᚠ fᚢ uᚦ þᚩ oᚱ rᚳ cᚷ gᚹ wᚻ / ᚺ hᚾ nᛁ iᛡ / ᛄ jᛇ ïᛈ pᛉ xᛋ / ᚴ sᛏ tᛒ bᛖ eᛗ mᛚ lᛝ ŋᛟ œᛞ dᚪ aᚫ æᛠ eaᚣ y

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Anglo-Saxon runes» frå , den 31. mars 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gammalengelsk Kategori:Runologi Kategori:Runealfabet