Hans Borgersen Dahler () var ein norsk gardbrukar frå Nedre Eiker som i 1851 møtte i Stortinget som varamann for Georg P. Rasch. Christen Borgersen Dahler var ein eldre bror.
Hans Borgersen Dahler tok over farsgarden i Nedre Eiker. Han dreiv også eit mindre teglverk på eigedomen. I mange år var han medlem i heradsstyret i Nedre Eiker. Frå 11. juni 1851 møtte han i Stortinget som suppleant, og var medlem i Justiskomite nr. 2 og i Lovkomiteen.
Dahler flytta til ein eigedom på Åssiden i dåverande Lier herad, døydde der.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Nedre Eiker