Nicolai Benjamin Møller () var ein norsk sølvverksdirektør og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark. Jacob Aall var morbror hans.

Møller tok i 1824 Bergembedsexamen og gjekk deretter praktiske kurs ved Kongsberg Sølvverk. Med offentleg stønad studerte han bergverksdrift i Berlin og Freiburg, før han reiste rundt i fleire europeiske land og gjorde seg kjend med ulike driftsformer i næringa. Han var såleis innom Austerrike, Italia, Sveits og Frankrike.

Frå 1826 styrte Møller Snarums koparverk. To år seinare vart han også styrar av Ulefos Jernværk. I 1836 tok han til som geschworner og markscheider ved Kongsberg Sølvverk, i 1840 også styremedlem. I 1846 vart han geschworner og 1853 bergmeister i austre austafjellske Bergdistrikt, ein posisjon han hadde til han døydde.

Møller representerte i 1842 Kongsberg i Stortinget. Han var der sekretær i Næringskomite nr. 1.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Norske bergmenn Kategori:Folk frå Skien Kategori:Folk frå Kongsberg