Fredrik Severin Lorentzen () var ein dansk-norsk lege og politikar, fødd i Gladsaxe og død i Tønsberg. Han vart stortingsmann i 1839.

Lorentzen studerte teologi før han kom til Grimstad i 1816. Byrja så å studere medisin og vart i 1822 cand.med. 1823 fysikus i Flekkefjord, 1824 fysikus i Jarlsbergs amt. Han tok samstundes til som lege ved amtssjukehuset i Tønsberg. Etter helsestellet vart omskipa i 1876, var han landsfysikus i Jarlsberg.

Lorentzen var medlem i Tønsberg bystyre, og var ei tid ordførar i kommunen. Han leia byggenemnda då det vart nytt sjukehus, eit verv som han skjøtta slik at fylkesstyret valde å gje han ein sølvvase til ein verdi av 400 kroner.

I 1839 representerte han Tønsberg i Stortinget, der han var medlem i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Folk frå Tønsberg