Abor & Tynna er ein austerriksk musikkduo som består av syskena Attila og Tünde Bornemisza. Dei spesialiserer seg innan pop, hiphop og elektronisk musikk. Duoen representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2025 med låta «Baller», der dei hamna på 15. plass totalt med 151 poeng.

Historie Syskena Attila (fødd 27. august 1998) og Tünde Bornemisza (fødd 22. desember 2000) har ungarsk og rumensk bakgrunn og vaks opp i ein kunstnarfamilie frå Ungarn. Faren, Csaba Bornemisza, har vore cellist i Wienerfilharmonikarane, orkesteret ved Wien statsopera, sidan 1993. Alle syskena fekk klassisk musikkopplæring: Attila vart opplært i cello,Chefsache ESC 2025 – Wer singt für Deutschland? vom 1. März 2025 Tünde spela fløyte frå ho var ni år (ho vann førsteprisar i statlege og nasjonale konkurransar), og den yngste systera lærte seg fiolin. Tünde og Attila studerte høvesvis psykologi og maskinteknikk.

2016–2024: Dei første stega I 2016 spelte syskena inn si første låt saman, som dei lasta opp på SoundCloud. Mora delte videoen på Facebook, og ein produsent inviterte dei deretter til studioet sitt. I åra som følgde kom fleire utgivingar, Tünde tok artistnamnet Tynna som songar og låtskrivar, medan Attila, som var musikkprodusent, kalla seg Abor. Rundt 2020 fekk dei invitasjon til å delta i Austerrike si interne utveljing til Eurovision Song Contest. På grunn av manglande røynsle og få tidlegare liveopptredenar takka Abor & Tynna nei. I april 2024 var dei oppvarmingsartistar under opninga av Nina Chuba sin Glas-turné i Bremen.

2025–no: Eurovision Song Contest og Bittersüß Etter forslag frå det tyske plateselskapet sitt søkte Abor & Tynna om deltaking i den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2025, og kom gjennom nålauget. Dei presenterte seg først i ein lukka audition i desember 2024 med den sjølvskrivne låta «Babylon». Av over 3 000 søkjarar vart dei til slutt blant 24 kandidatar som møtte juryen og TV-publikummet i programmet Chefsache ESC 2025 – Wer singt für Deutschland? Etter råd frå Stefan Raab valde duoen låta «Baller», som Raab hadde oppdaga gjennom eit kort klipp på duoen sin Instagram-profil.

Abor & Tynna fekk klarsignal frå juryen til semifinalen i programserien med ein coverversjon av Adele sin «Skyfall» i den første delfinalen. Debutalbumet deira, Bittersüß, vart gjeve ut same dag. Låta, som også var med på albumet, vart røysta vidare til finalen av juryen og deretter til superfinalen, der ho vann tevlinga i telefonrøystinga mot fire attverande deltakarar 1. mars 2025 med 34,9 % av røystene. Abor & Tynna fekk så retten til å representere Tyskland i Eurovision-finalen i Basel 17. mai 2025, der dei enda på 15. plass med 151 poeng.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abor & Tynna» frå , den 2. november 2025.

Kategori:Austerrikske musikkgrupper Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar