Andigena (engelsk fellesnemning mountain toucan) er ei biologisk slekt med fire mellomstore artar i tukanfamilien (Ramphastidae). Kvar art har relativt avgrensa utbreiingsområde innanfor Andes i Sør-Amerika.

Skildring

Andigena-tukanar blir 41–51 centimeter lange. Den minste arten i slekta er lavendeltukan, med ei kroppslengd på 41–48 centimeter, medan den største arten er svartnebbtnukan, som blir 48–51 centimeter lang. Fuglane har ei delvis blå eller blågrå kroppsfjærdrakt. Denne er lysast hos svartnebbtnukanen, medan han er mørkast hos hettetukan og lavendeltukan. På oversida av kroppen har alle fire artane innslag av olivenbrune, grå eller svarte fargar. Alle artane har raude underhaledekkfjører og brunfarga lår. Ingen av artane viser tydeleg kjønnsdimorfisme; hoene har likevel ein tendens til å ha noko kortare nebb.

Som typisk for tukanar har dei lange nebb. Dei lengste nebba finn ein hos hannane av svartnebbtnukanen, med ei lengd på 9,2–11,2 cm. Hoene av denne arten har nebb som er 7,2–9,3 centimeter lange. Nebba er delvis svært fargerike; berre nominatforma av svartnebbtnukanen har heilt svart nebb.

Utbreiing og leveområde

Alle dei fire artane lever i fuktig fjellskog og tåkeskogar i Andesregionen frå Venezuela til Bolivia. Svartnebbtukanen har det største utbreiingsområdet og finst i Venezuela, Colombia og Ecuador. Det minste og sørlegaste utbreiingsområdet har hettetukan, som berre finst i eit smalt belte av fjellområda i Andes frå det sør­austlegaste Peru til nordvestlege Bolivia.

Artane lever normalt i høgder frå ca. 1600 til 3300 meter over havnivå.

Artsoversyn

Medlemmer av Andigena i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Kroppslengd og utbreiing Status 120px Lavendeltukan Andigena hypoglauca 41–48 cm2200–3650 moh. langs i tåkeskog og fuktig fjellskog opp mot tregrensa i Andes i Colombia, Ecuador og Peru(LC)80px120px Platenebbtukan Andigena laminirostris 46–51 cm1300–2500 moh. med fuktig fjellskog med epifyttar nær Andes i Ecuador og sørlegaste Colombia(NT)80px120px Hettetukan Andigena cucullata 48–50 cmFrå La Paz til Cochabamba i Bolivia, 2400-3300 moh. Også over grensa til Peru(LC)80px120px Svartnebbtukan Andigena nigrirostris 48–51 cmLangs Andes frå sørlegaste Ecuador til vestre Venezuela, 1700–2700 moh.(LC)80px

Kjelder

Denne artikkelen byggjer dels på «Blautukane» frå , den 17. desember 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tukanfamilien Kategori:Fugleslekter