Ringnebbmåse (Larus delawarensis) er ein mellomstor måse som er lever i Nord-Amerika. Arten hekkar i Canada og det nordlege USA, og overvintrar hovudsakleg i USA og det nordlege Mexico.

Slektsnamnet Larus kjem frå latin og viser til ein måse eller annan stor sjøfugl, medan artsnamnet delawarensis viser til Delawareelva i USA.

Skildring mini|venstre|Ei ringnebbmåse i vinterdrakt i flukt over Black Butte Lake, California Ringnebbmåsen er ein middels stor måse, 43–54 cm lang og med eit vengespenn på 105–117 cm. Vaksne fuglar veg vanlegvis mellom 300 og 700 gram, hoer veg ca. 15 % meir en hannfuglar.

Hovud, hals og undersider er kvite. Nebbet er relativt kort, gult med eit tydeleg svart ringband – eit særtrekk som har gjeve arten namnet. Oversida og vengene er sølvgrå med svarte vengespissar og kvite «speglar». Beina er gule, og auga gule med raude ringar.

Ungfuglane har brunleg fjørdrakt det første året og endrar utsjånad gradvis gjennom tre år før dei får vaksendrakt.

Utbreiing og leveområde mini|venstre|Fuglar i vinterdrakt, Windsor, Ontario Ringnebbmåsen hekkar primært i innlandet ved innsjøar og elvar over store delar av Canada og det nordlege USA. Han hekkar i koloniar, som oftast på bakken – gjerne på øyar – men i aukande grad òg på flate hustak.

Arten viser ofte sterk stadtruskap til hekkeplassen, sjølv om han ikkje nødvendigvis held same make frå år til år.

Fuglane er trekkfuglar og flyttar om vinteren sørover til Mexicogolfen og atlanterhavskysten og stillehavskysten i USA, Mexico og Karibia. Nokre individ overvintrar så langt nord som ved dei søraustlegaste av Dei store sjøane og i sørvestlege British Columbia.

mini|venstre|I flukt, New York Ringnebbmåsen er ein regelmessig streiffugl til Vest-Europa. I perioden 2000 til 2025 blei det registrert 62 observasjonar av gulbeinmåse på streif i Noreg.

Føde mini|venstre|Sluker ein fisk Ringnebbmåsen er altetar og opportunistisk næringssøkjar. Han et meitemark, småfisk slik som stiklingar, insekt, krepsdyr, gnagarar, fugleegg og korn, og er ofte å sjå på søppelfyllingar eller i parker der han plukkar etter matrestar.

Naturlige predatorar på gulnebbmåsar femnar om rotter, rev, hundar, kattar, vaskebjørn, prærieulv og rovfuglar.

Status

På slutten av 1800-talet vart ringnebbmåsen jakta på for fjøra si, men bestanden har sidan tatt seg kraftig opp att. Arten vert i dag rekna som den vanlegaste måsearten i Nord-Amerika.

I 2006 vart den totale bestanden estimert til ca. 2,5 millionar individ, og Verdas naturvernunion har klassifisert arten som livskraftig (LC).

Lengste levetid registrert for ein ringnebbmåse er 31 år.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Ring-billed gull» frå , den 21. oktober 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen