Eoghan Rua Ó Súilleabháin (), anglisert som Owen Roe O'Sullivan (‘Red Owen’ eller ‘Raude Owen’), var ein irsk diktar. Han er kjend som ein av dei siste store gæliske diktarane.

Ó Súilleabháin er mest kjend for aisling-dikta sine, der visjonen av ei vakker kvinne kjem til diktaren medan han søv. Kvinna symboliserer ofte òg det tragiske Irland i samtida hans.

Tidleg liv Eoghan Rua blei fødd i 1748 i Meentogues i Gneeveguilla i Sliabh Luachra, ein fjellendt del av County Kerry sørvest i Irland. Han var frå ein irsk klan som tidlegare hadde hatt ei leiande rolle, men som mange andre, mista landet gradvis eigedommane og høvdingane sine under Tudor-invasjonen av Irland. Då han blei fødd, var dei fleste innfødde irane i sørvest blitt reduserte til jordlaus fattigdom i ein «huslaus og folkelaus» fjellregion. Landeigaren var likevel MacCarthy Mór, ein av dei få innfødde irske høvdingane som hadde noko makt att og var ein fjern slektning av klanen Ó Súilleabháin, og i Sliabh Luachra var det på den tida ein av dei siste klassiske skulane innan irsk poesi, som stamma frå dei gamle opplæringsstadene som hadde trent irske skaldar og diktarar i tidlegare tider. Irske diktarar frå desse skulane tevla om merksemd og løning, og lærte musikk, engelsk, latin og gresk.

Eoghan Rua var vittig og sjarmerande, men hadde dårlege sjansar i heimlandet på grunn av det anti-katolske lovverket innført av den britiske styresmakta. Då han var 18 opna han sin eigen skule, men den skal ha gått under på grunn av ei ukjend hending.Corkery cites Dinneen, The Hidden Ireland, p. 188, footnote.

Eoghan Rua blei då ein spalpeen (irsk spailpín), eller ein omreisande gardsarbeidar, til han var 31 år gamal. Då blei han teken inn i den britiske hæren som verneplikting. Etter dette arbeidde han for Nagles, ein rik engelsk-irsk men katolsk og irskspråkleg familie i Fermoy i County Cork. Ifølgje Corkery tok Eoghan på seg å skriva eit brev for ein kollega i hushaldet, og imponerte herren i huset med å skriva på irsk, engelsk, gresk og latin. Han fekk så i oppdrag å læra opp ungane i heimen. Seinare måtte han forlata huset grunna «dårleg oppførsel», ifølgje ryktet for å ha fått ei kvinne gravid.

Seinare år Ó Súilleabháin flykta til den britiske hæren sine brakkeri Fermoy. Det britiske imperiet var då midt inne i den amerikanske sjølvstendekrigen, og brukte tvangsrekruttering for å fylla det enorme behov sitt for sjømenn. Ó Súilleabháin var snart ombord på eit Royal Navy-skip i Vestindia.Corkery, s. 195. Han segla under admiral sir George Rodney og tok del i det berømte sjøslaget ved Saintes i 1782 mot den franske admiralen comte de Grasse. Britane vann slaget, og for å innynda seg med admiralen skreiv Ó Súilleabháin eit dikt på engelsk, «Rodney's Glory», om slaget. Han presenterte det for admiralen, som tilbaud å promotera han. Ó Súilleabháin bad om å frisleppast frå tenesta, men «ein offiser som heitte MacCarthy, ein Kerry-mann... reiste seg og sa: 'Alt anna enn det; me kan ikkje skilja oss frå deg for kjærleik eller pengar'. Eoghan snudde seg bort og sa: ‘Imireaochaimíd beart eigin eile oraibh’ ('Eg vil spela eit anna puss mot deg'). MacCarthy, som forstod han, svara: 'Eg skal passa på, Sullivan, du skal ikkje.'»Corkery cites Dinneen, p. 199, fotnote.

Mykje er ukjent om livet til Eoghan Rua. Han vende tilbake til Kerry etter krigen, og opna ein skule att. Kort tid etter døydde han, 35 år gammal, av ein feber han utvikla etter å ha blei slått med ei tong i ein krangel i eit ølhus av ein tenar frå ein lokal engelsk-irsk familie. Han blei gravlagd midsommar 1784, nær eller kanskje i Muckross Abbey.

Kjelder

Bibliografi George Petrie, Ancient Music of Ireland. Finished with notes, 1855, published by C.V. Stanford 1903. Reprint edited by David Cooper. Cork: Cork University Press. 2002 Douglas Hyde, Amhráin Grádh Chúige Chonnacht (Songs of Connacht). Dublin. 1903. Reprinted as The Songs of Connacht. Dublin: Irish Academic Press. 1985. Father Patrick S. Dinneen, Amhráin Eoghain Ruaidh Uí Shúilleabháin (Songs of Eoghan Rua Ó Súilleabháin). Gaelic League Irish Texts Series. Dublin: 1901. Corkery, Daniel, The Hidden Ireland. Dublin: Gill and Macmillan. 1924. O'Connor, Frank, Kings, Lords, and Commons: Irish Poems From the Seventh Century to the Nineteenth. London: Macmillan & Co. 1961. Montague, John (ed.), Faber's Book of Irish Verse. London: Faber and Faber. 1974. Keefe, Joan, Irish Poems From Cromwell to the Famine: A Miscellany. Lewisburg, Pennsylvania: Bucknell University press. 1977. Ó Tuama, Seán (ed.), with translations by Thomas Kinsella. An Duanaire: An Irish Anthology 1600-1900: Poems of the Dispossessed. Philadelphia: University of Pennsylvania Press. 1981. Carpenter, Andrew, Verse in English From Eighteenth-Century Ireland. Cork: Cork University Press. 1998. Kiberd, Declan, Irish Classics. London: Granta Books. 2000. Ó Súilleabháin, Eoghan Ruadh, with translations by Pat Muldowney. Na h-Aislingí: Vision Poems. Aubane, Co. Cork, Ireland: Aubane Historical Society. 2002. Ó Súilleabháin, Eoghan Ruadh, with translations by Pat Muldowney. Eoghan Rua O Suilleabhain: Collected Writings Volume 2. Aubane Historical Society. 2009.

Denne artikkelen bygger på «Eoghan Rua Ó Súilleabháin» frå , den 22. oktober 2025.

Kategori:Irske diktarar Kategori:Diktarar frå 1700-talet