Edvin Sevrin Endresen () var ein norsk fabrikkarbeidar og stortingsmann. Han representerte Arbeidarpartiet i Stortinget 1928-30, 1935-39, heile tida vald frå kjøpstadene i Hedmark og Oppland.
Endresen var frå Vestre Moland, son til ein fabrikkarbeidar. Frå 1908 til 1915 arbeidde han på Kalvild Træsliperi og Kartonfabrik ved Lillesand, deretter var han tilsett i Hunsfoss Fabrikker ved Kristiansand og så på aluminiumsfabrikken ved Eydehavn. Allereie som 16-åring vart han vald formann i fagforeininga på Kalvild. Dei komande åra var han av dei fremste i arbeidar-ungdomsrørsla på Sørlandet.
I 1919 flytta Endresen til Lillehammer for å arbeide på Mesna Træsliperi og Kartonfabrik. Her vart han ut si arbeidstid, etter kvart som skiftformann.
Endresen var i tretti år medlem i Lillehammer bystyre. Mange år hadde han sete i formannskapet, ein treårsbolk var han varaordførar. Valperioden 1928-30 hadde han fast plass i Stortinget, vald frå ein valkrins beståande av Lillehammer, Gjøvik, Hamar og Kongsvinger. Seinare møtte han i Stortinget frå varamannsplass. Då Fredrik Monsen i 1935 vart statsråd i Nygaardsvold-regjeringa, rykka Endresen inn i stortinget. Der vart han sitjande til 1939. Etter tur var Endresen medlem i Sosialkomiteen, Kommunalkomiteen og Militærkomiteen.
Under andre verdskrigen var Endresen kontaktmann for Heimefronten og den illegale fagrørsla, Frå januar 1945 låg han i dekning.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Edvin Endresen» frå , den 19. november 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ap-politikarar i Oppland Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Folk frå Lillesand Kategori:Folk frå Lillehammer