Alf Staver () var ein norsk lærar og politikar frå Bærum i Akershus. Han var ordførar 1926-28 i Bærum og stortingsmann 1931-33, vald for partiet Høgre.
Staver var bondeson frå Bærum. Han utdanna seg til vernepliktig offiser i 1895, tok lærareksamen i 1896 og gjekk ut frå det som seinare vart Statens gymnastikkskole i 1899. Frå 1898 til 1915 underviste han ved Kristiania borger- og realskole, der etter var han tilsett ved Fagerborg skole i Oslo til 1944. Militært vart han forfremja til premierløytnant i 1902 og kaptein i 1911.
Staver var medlem av Bærum kommunestyre frå 1913 til 1928; 1923-25 var han varaordførar og 1926-28 ordførar. Hausten 1930 vart han vald inn på Stortinget frå Akershus. På Tinget var han medlem i Protokollkomiteen. 1934-40 var han atter medlem i Bærum kommunestyre. Tidvis var han elles medlem i skulestyret i kommunen, og han plass i Drammenslinjen sitt representantskap.
I ungdomen var Staver aktiv skirennar. Han var formann i Bærums Skiklubb 1900-04, 1906 og 1919-20. 1909-11 var han styremedlem i Norges Skiforbund. Og han var formann i Bærums Sogneselskap frå 1930 til 1938.
Kjelder lokalhistoriewiki
Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Ordførarar i Bærum Kategori:Høgreordførarar i Akershus Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Bærum