mini|Nederlandske koloniområde med områda til Det nederlandske vestindiakompani markert i ein mørkare grønfarge rundt Atlanterhavet. mini|Vestindiahuset i Amsterdam, hovudkvarteret for handelskompaniar frå 1623 til 1647, illustrasjon frå 1655. Det nederlandske vestindiakompaniet (nederlandsk West-Indische Compagnie, forkorta WIC) var eit handelskompani av nederlandske kjøpmenn som 3. juni 1621 fekk innvilga monopol på handel i vesten av Dei sameinte Nederlanda. Området der WIC kunne operera bestod av Vest-Afrika (området mellom Krepsen sin vendekrins og Kapp det gode håp) og Amerika, som omfatta Stillehavet og den austlege delen av Ny-Guinea. Det tiltenkte formålet med handelsmonopolet var å fjerna konkurransen mellom dei mange handelspostane som var grunnlagde av nederlandske kjøpmenn. Kompaniet bidrog sterkt til den nederlandske koloniseringa av Amerika.
WIC var organisert på same måte som Det nederlandske austindisakompaniet, som hadde handelsmonopol for Asia frå 1602, bortsett frå at WIC ikkje hadde tillating til å gjera militære operasjonar utan samtykke frå nederlandske styresmakter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Det nederlandske vestindiske kompani» frå , den 14. august 2025.
Kategori:Slavehandel Kategori:Skipingar i 1621 Kategori:Nederlandsk historie Kategori:Nederlandske føretak Kategori:Handelsføretak