Einar Sand Koren () er ein norsk lege og handballspelar frå Sandefjord. Han vann seks nasjonale pokalar og ein dansk pokal. Koren var linjespelar.

Karriere Klubbspel Koren var aktiv i IL Runar til 2006, deretter i Haslum HK perioden 2006-09, kåra til årets spelar 2009 i Noreg. Sesongen 2009/10 gjorde han teneste i danske FCK Håndbold, der han var med å vinne den nasjonale cupen. Til sist var han 2010-17 atter aktiv i Haslum HK, eit lag han vann tre seriemeisterskap og like mange NM-kongepokalar.

Landslagsspel Koren debuterte på det norske landslaget mot Danmark 18. november 2006. Han deltok i EM 2010. Fram til juni 2012 spelte han 64 landskampar og skåra 109 mål.

Merittar Dansk cupmeister: 2010 for FCK Håndbold Noregsmeister: 2010, 2011 og 2016 for Haslum HK Norsk seriemeister: 2011, 2012 og 2014 for Haslum HK

Koren er sidan 2011 gift med Linn-Kristin Riegelhuth.

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar