Jarle Rykkje () er ein tidlegare handballspelar frå Kjøkkelvik i Bergen kommune. Han vart seriemeister 2009 med Fyllingen IL. Rykkje var kantspelar.

Karriere

Landslagsspel Rykkje fekk sin debut på Noregs landslag 13. mars 2001, borte mot Tyskland. Fram til 14. juni 2008 deltok han i 79 landskampar og skåra 122 mål. Han var med i den norske troppa til Handball-VM 2005.

Kjelder

Jarle Rykkje i handball.no

Kategori:Norske handballspelarar