mini|Grøfting av myr med ein Vikeid grøfteplog montert på ein beltetraktor i 1964. Grøfteplog er ein plog som har vore nytta på vassjuk mark innan jord og skogbruk. Der det er lite stein i jorda kan bruk av grøfteplog på innmark halvera kostnadane i høve til bruk av gravemaskinE. Bergseth, Kostnader med grøfting, NLR-Magasinet, 10. desember 2020.. Ved grøfting av myr var det vanleg at plogen arbeidde ned til eit djup av 55 cmI. Lie, Grøfting av myr, Opptak frå landbrukshalvtimen, 10. januar 1965.. For å trekkja plogen vart det ofte nytta ein bulldosar, men ein stor traktor med halvbelte kunne òg nyttast.

Vikeid-plogen var ein grøfteplog utvikla ved Landbruksteknisk institutt si avdeling på Vikeid i Sortland. Han fanst i to storleikar. Rundt 1960 vart det òg drive forsøk med ein finsk grøfteplog produsert av Lokomo.

Galleri

Referansar

Sjå òg Grøfting av myr

Kategori:Skogsmaskinar