Leer er ein by og ein kommune i Ostfriesland, nordvest i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Byen hyser administrasjonen i Landkreis Leer. Med eit folketal på 34 000 er kommunen den tredje største i Ostfriesland, etter Emden og Aurich.

Leer ligg ved elvane Ems og Leda og har i hundreår vore prega av sjøfart og handel. Mange tyske reiarlag har kontor i byen. Bünting, eit stort firma innom varehandel, har hovudkontor i Leer.

Gamlebyen utmerker seg med mange godt ivaretekne bygningar. Fire slott, talrike byhus og kyrkjer frå ulike hundreår finst i byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leer (Ostfriesland)» frå , den 12. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Niedersachsen