Heilage Gallus, ca. 550-ca. 645, var ein helgen som tok del i utbreiinga av keltisk kristendom på kontinentet. Ifølgje den hagiografiske tradisjonen var han ein av dei tolv følgjesvenene til Columbanus frå Irland. Etter at Gallus og nokre få følgjesveinar oppretta ein eremittbustad i Steinachdalen i dagens Sveits kring 612, oppstod klosteret og den seinare byen St. Gallen.
Han blir etter tradisjonen rekna som irsk, men kan også ha kome frå grenseområdet mellom Lorraine og Alamannia, og møtt Columbanus ved klosteret Luxeuil i Vosges.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Gallus (helgon)» frå , den 9. februar 2025. oppgav desse kjeldene: Svensk uppslagsbok, Malmö 1932
Delar av denne artikkelen bygger på «Saint Gall» frå , den 11. februar 2025.
Kategori:Helgenar Kategori:Døde på 600-talet Kategori:Fødde på 500-talet Kategori:Irar frå 600-talet Kategori:Irar frå 500