mini|Fjortenprikka marihøne, Calvia quatuordecimguttata Marihøner (Coccinellidae) er ein familie innan ordenen biller (Coleoptera). Over 5000 marihøneartar er kjende, men berre 54 av desse lever i Noreg.

Utsjånad Det er stor variasjon i fargar og mønster hos marihønene. Mange av dei har prikkar på dekkvengjene. Ulike artar har ulike fargar og ulikt tal prikkar. Det er ei myte at talet prikkar fortel kor gammal ei marihøne er, vanlegvis lever dei berre eitt år.

Levevis Nokre få marihøner lever av plantekost, men dei fleste er rovdyr, både som larvar og vaksne (imago). Dei et bladlus og andre plantesugarar. Marihøner er nyttige dyr, og er derfor nytta til biologisk kontroll av skadedyr på plantar.

Marihøner har fullstendig forvandling.

Vanlegvis er livssyklusen eitt år.

Namnet I somme norske dialekter vert ho kalla marifly. I desse dialektene kan orda marihøne og marihane òg bli bruka om sommarfuglar. Marihønene har i mange språk namn knytt til Jomfru Maria eller Gud:* Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6 På svensk jungfru Maria höna På dansk Mariehøns På tysk Marienhänchen, Marienhuhn, Marienkälbchen, Marienkäfer, unsers lieben Herrn Hünchen På nederlandsk lieveheersbeestje På engelsk lady-fly, lady-bird, lady-cow På fransk bête à bon Dieu, vache à Dieu

Namnet er knytt til førestillingar i folketrua.

Systematisk inndeling

Marihøner er det norske namnet både på gruppa Coccinellidae og på gruppa Coccinellinae som er ei undergruppe av førstnemnde. Dette er i samsvar med forslag til norske namn på alle dei 296 familiane og underfamiliane til dei norske billene. [Ødegaard, o.a., 2004]

Systematikken følgjer Ottesen, 1993 (sjå kjelde).

Orden Biller (Coleoptera) Underorden Polypaga Familien marihøner (Coccinellidae) Underfamilie smalmarihøner (Coccidulinae, Coccinellidae) Underfamilie småmarihøner (Scymninae, Coccinellidae) Underfamilie skjoldmarihøner (Chilocorinae, Coccinellidae) Underfamilie marihøner (Coccinellinae, Coccinellidae) Underfamilie hårmarihøner (Epilachninae, Coccinellidae)

Norske artar mini|Sjuprikka marihøne (Coccinella septempunctata) på blad. Nokre av dei norske artane er: Femprikka marihøne - Coccinella quinquepunctata Fjortenprikka marihøne - Calvia quattuordecimquttata Sjuprikka marihøne - Coccinella septempunctata Tjuefireprikka marihøne - Succoccinella vigintiquattuorpunctata Toprikka marihøne - Adalia bipunctata

Kjelder Ottesen, P.S. (red.) 1993 Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider. Ødegaard, Frode, o.a. 2004. Forslag til norske navn på familier og underfamilier av biller. Insekt-Nytt 29 (1/2) Norsk Entomologisk forening. s.27 Referansar

Bakgrunnsstoff

Norsk Entomologisk forening Marihøneanatomi

Kategori:Biller

Kategori:Jomfru Maria