mini|Havmus fiska i Sogn. Det lokale namnet er hågylling (haogydling).

Havmus, havkatt, hågylling eller gullhå (Chimaera monstrosa) er ein bruskfisk i havmusfamilien, den einaste i familien som finst i norske farvatn. Havmusa vert opptil 1,5 kilogram tung og 1,5 meter lang, halen medrekna. Ho finst oftast på ei djupn mellom 300 og 500 meter.

Den sørlege utbreiinga til havmusa inkluderer havet utanfor Nordvest-Afrika og delar av Middelhavet. Nordover finst havmusa nordaust i Atlanterhavet: vest for Dei britiske øyane og nordvestetter mot Island, og langs heile norskekysten og nordvestetter mot Svalbard.

Havmus har eit framtredane hovud. Kroppen smalnar bakover. Auget er stort. Havmusa lever av muslingar, slangestjerner, krepsdyr og småfisk. På ryggfinna er det ein pigg forbunde med ein giftkjertel.

Kjelder «Havmus» - Havforskingsinstituttet

Bakgrunnsstoff Om havmus

Kategori:Bruskfisk Kategori:Fisk i Noreg