Leuna er ein by og ein kommune sør i forbundslandet Sachsen-Anhalt i Tyskland, 20 kilometer sør for Halle an der Saale. Kommunen, som høyrer til Saalekreis, omfattar 87,8 km² og hyser 14 000 ibuarar. Byen ligg ved elva Saale.
Leuna er fyrst og fremst kjend for den kjemiske industrien. Leunawerke er eit 13 km² vidt industriområde der ei rekke av Tysklands største selskap innom kjemisk industri har verksemd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leuna» frå , den 15. november 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Sachsen-Anhalt Kategori:Kommunar i Sachsen-Anhalt