Karlsholmen er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, vest for hovudøya Smøla, like nordvest for Ringsøya. Det bur ikkje folk her.

Holmen vart busett på 1850-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det 13 personar på Karlsholmen.Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet Han vart fråflytta rundt midten av 1970-talet.

Karlsholmen var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.

Kjelder

Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind IV, Smøla kulturstyre, 1989

Kategori:Øyar i Smøla