mini|Ulik dokumentasjon frå Wellcome Historical Medical Museum, som kan nyttast som primærkjelder til ulike emne.
Primærkjelde er innan historiefaget som akademisk disiplin eit objekt, dokument, manuskript, oppføring eller ei anna kjelde med informasjon som ligg tett på eit emne ein historikar er interessert i å studera. Det kan vera ein førstehandsvitne som har teke del i eller observert hendinga, men der det ikkje finst førstehandsvitne er det kjelda som er tettast på førstehandsvitne. Primærkjelder i skriftleg form er ofte karakteriserte av å vera laga svært nær den hendinga eller tilhøvet dei er kjelder til. Dei tener som originalt kjeldemateriale til informasjon om eit emne.
Primærkjelder skil seg frå sekundærkjelder, som siterer, kommenterer eller byggjer på primærkjelder. Generelt er all omtale som berre har indirekte kunnskap om ei hending kategorisert som sekundærkjelder, som kan vera utsette for etterrasjonaliseringar og liknande."Primary, secondary and tertiary sources". University Libraries, University of Maryland. (arkiveret version fra feb. 2015) Ei sekundærkjelde i ein konkret samanheng kan samstundes vera ei primærkjelde i ein annan samanheng, avhengig av korleis han blir brukt."Primary and secondary sources". Ithaca College Library. Til dømes kan ei erindring bli sett på som primærkjelde for forsking som omhandlar forfattaren og hans eller hennar syn på samtida, men det kan samstundes vera sekundærkjelde om ein bruker henne som kjelde til kulturen forfattaren levde i. «Primær» og «sekundær» kan sjåast som relative termar, med kjelder kategoriserte i høve til den spesifikke historiske konteksten som blir behandla.Oscar Handlin og Arthur Meier Schlesinger, Harvard Guide to American History (1954)
Bruk av omgrepet i andre fagfelt Ein liknande definisjon finst innanfor bibliotek- og informasjonsvitskap og andre forskingsområde, sjølv om nokre område bruker ein noko ulik definisjon. I journalistikk er ei primærkjelde ein person med direkte kunnskap om situasjonen, eller eit dokument skrive av ein slik person.
Døme på primærkjelder Annal Brev Bygdebok Dagbok Diplom Jordebok Kyrkjebok Lovtekst Register
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Primærkilde» frå , den 16. juni 2024.
Litteratur
Wood Gray (1991) . Historian's Handbook: A Key to the Study and Writing of History. 2nd ed. Waveland Press; 1991. .
Sebastian Olden-Jørgensen (2005). Til kilderne!: introduktion til historisk kildekritik. København: Gads Forlag. .
Kategori:Informasjonsvitskap Kategori:Forsking Kategori:Historie