Stavrim er ei form for framrim nytta i norrøn dikting.
Stavrimet krev at det er lydlikheit framfor ein trykksterk vokal i to eller tre ord i eit linjepar. Det kan vera same konsonant, eller det kan vera ein nullkonsonant, dvs. ingen lyd framfor dei trykksterke vokalane.
Eddadikt består av ei rekke med langlinjer, som kvar består av to kortlinjer. Kvar kortlinje har to trykksterke vokalar (toppar). Dei to kortlinjene er bundne saman med stavrim på den måten at begge eller éin av dei to første toppane skal ha stavrim. Den tredje skal alltid ha stavrim, og blir kalla hovudstav. Den fjerde har normalt ikkje stavrim.
DømeÁr var alda þar er Ýmir bygði, vara sandr né sær né svalar unnir, jörð fannsk æva né upphiminn, gap var ginnunga, en gras hvergi. I opphavs tider var det Yme bygde, var verken sand eller sjø eller svale bølger; jord fantes ikke, ikke himmelhvelv, der var ginnunga-gap, men gress ingen steder.
Sjå òg Bokstavrim Skaldekvad
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stavrim» frå , den 16. juni 2024.
Kategori:Norrøne versemål Kategori:Metrikk