Henry Herford () er ein skotsk barytonsongar.

Herford er fødd i Edinburgh. Han studerte klassisk og engelsk ved Cambridge University, og studerte song ved Royal Northern College of Music i Manchester, der han blei tildelt Curtis Gold Medal.Profile at Birmingham Conservatoire Han blei seinare instruktør i fransk song ved RNCM. Han var med i Glyndebourne Opera Chorus i 1977 og 1978, og song leiande roller på turné. Sidan har han framført over sytti roller med operaselskap over heile Storbritannia og Europa, inkludert i Covent Garden, Glyndebourne og Scottish Opera.

Nokre av dei kjende rollene hans er greven (Figaros bryllup), Guglielmo og Alfonso (Così fan tutte), tittelrolla i Don Giovanni, Germont (La Traviata), Silvio (I Pagliacci), Dr Falke (Die Fledermaus), skogmannen (Příhody lišky Bystroušky), Smirnov (The Bear av William Walton), og Demetrius (A Midsummer Night's Dream), som han spelte inn for Virgin Records.Profile at Hyperion Records website

Herford har spesialisert seg på musikken til Charles Ives, og har spelt inn mange av songane hans.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Henry Herford» frå , den 5. mars 2024.

Kategori:Skotske songarar Kategori:Britiske operasongarar Kategori:Folk frå Edinburgh