Aina Nilsen Bartmann (tidlegare Edelmann; ) er dagleg leiar i GMO-Nettverket, ein paraplyorganisasjon for 18 organisasjonar og bedrifter i Noreg.
Bartmann var i perioden 2015–2017 politisk rådgjevar i Oikos – Økologisk Norge. Ho var geitebonde i Lyngen i Troms i 15 år og var leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag frå 1992 til 1996. I 2000 blei ho oppnemnd som medlem av Bioteknologinemnda. I 2003 blei ho vald inn i landsstyret til Sosialistisk Venstreparti. Fra 2003 til 2015 var ho dagleg leiar i Stiftelsen Bondens marked Norge.
Under EU-kampen i 1994 var Bartmann sentral på nei-sida.Dag og tid: Nei og atter nei til nye EU
Bibliografi Aina Edelmann og Svein Sæter: Bondelandet, Samlaget, Oslo, 1994. ISBN 82-521-4317-2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aina Bartmann» frå , den 5. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:SV-politikarar