Sveinung Olavsson Flaaten () var ein norsk gardbrukar, skogeigar og politikar frå Lisleherad i Telemark. Han var stortingsrepresentant frå Telemark for partiet Høgre frå 1961 til han døydde i 1962.

Flaaten voks opp i Lisleherad. Etter artium i 1918 og lærarprøva i 1923 underviste han ved Notodden kommunale høyere allmennskole, før han i 1929 overtok farsgarden med store skogeigedommar. I tillegg dreiv han eit lite sagbruk.

Flaaten fekk mange verv innom skogbruket, så som formann i Lisleherad skogeierlag, styreformann i Telemark tømmersalgslag, styremedlem i Norges Skogeierforbund og styremedlem i Østlandets skurlastmåling. Elles var han skjønns- og takstmann vedkomande vassdragsreguleringar og kraftoverføringar.

Både før og etter den tyske okkupasjonen var Flaaten i fleire år heradsstyre-medlem i Heddal, vald på borgarlege felleslister, frå 1959 på Høgre-lista. 1960–61 var han ordførar i Heddal. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark og fekk plass i Finans- og tollkomitéen. Frå 21. april 1962 var han sjukepermittert, og døydde på Rikshospitalet den 11. juni. I minnetalen skildra stortingspresident Nils Langhelle honom som «en elskverdig og stillfarende medarbeider». Han vart gravlagd frå Lisleherad kyrkje.

Kjelder

stortinget.no Denne artikkelen bygger på «Sveinung O. Flaaten (1898–1962)» frå , den 30. desember 2023.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Folk frå Notodden Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet