Amazonastapir (Tapirus terrestris) er eit hovdyr som lever i Amazonasbekkenet. Det trivst på våtmark og i regnskog. Amazonastapir er ein av fire tapirartar som alle tilhøyrer same slekt Tilsaman utgjer artane tapirfamilien (Tapiridae).

Amazonastapir skil seg frå dei andre tapirane gjennom å ha ein definert strittande man på nakkekammen, som byrjar på hovudet og spring langs nakken og ned mot skuldrene. Han blir kring 170–200 cm lang og oppnår normalt ei vekt på cirka 181–226 kg, og er dermed mellomstor som tapir.IUCN/SSC Tapir Specialist Group (TSG). Besøkt 2013-11-16

Nyare forsking har vist at denne arten har spesielt stor genetisk spreiing, men det er uklart om spreiinga kjem av ulike underartar eller endå ein eller fleire uoppdaga artar. Cozzuol m .fl. (2013) antydar minimum fem kladar (inkludert T. pinchaque), to av dei grunnlegjande.Mario A. Cozzuol, Camila L. Clozato, Elizete C. Holanda, Flávio H. G. Rodrigues, Samuel Nienow, Benoit de Thoisy, Rodrigo A. F. Redondo, and Fabrício R. Santos. (2013). A new species of tapir from the Amazon. Journal of Mammalogy, 94(6):1331-1345. 2013. American Society of Mammalogists. DOI: 10.1644/12-MAMM-A-169.1. Besøkt 2013-12-21 Det var slik ein oppdaga dvergtapiren (Tapirus kabomani), som forskarane tidlegare trudde var ein variant av amazonastapiren.

Slektstre Slektstreet nedanfor er ifølgje Cozzuol m. fl. (2013).Mario A. Cozzuol, Camila L. Clozato, Elizete C. Holanda, Flávio H. G. Rodrigues, Samuel Nienow, Benoit de Thoisy, Rodrigo A. F. Redondo, and Fabrício R. Santos. (2013). A new species of tapir from the Amazon. Journal of Mammalogy, 94(6):1331-1345. 2013. American Society of Mammalogists. DOI: 10.1644/12-MAMM-A-169.1. Besøkt 2013-12-21

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amazonastapir» frå , den 31. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapirfamilien Kategori:Pattedyr i Argentina Kategori:Pattedyr i Bolivia Kategori:Pattedyr i Brasil Kategori:Pattedyr i Colombia Kategori:Pattedyr i Ecuador Kategori:Pattedyr i Fransk Guiana Kategori:Pattedyr i Guyana Kategori:Pattedyr i Paraguay Kategori:Pattedyr i Peru Kategori:Pattedyr i Surinam Kategori:Pattedyr i Venezuela Kategori:Dyr i Amazonas