mini|portrett=1.5|Michelangelo sitt freskomåleri «Gud skaper Adam» (1508-1512) frå Det sixtinske kapellet. Skapingsmytar eller kosmogoniske mytar er overnaturlege, mytisk-religiøse forteljingar eller forklaringar som tek for seg opphavet til menneskja, jorda, livet og universet, som regel forklart som ei bevisst handling utført av ein eller fleire guddommar. Dei fleste religionar har skapingsmytar som omfattar konsept som forklarer korleis alt er som det er, og dette dannar ofte sjølve kjernen i trua.

Mange skapingsmytar deler i hovudsak tilsvarande eller same tema. Fellesmotiv omfattar oppstykkinga av tinga i verda frå eit opphavleg, opphavleg kaos; åtskiljing av farguden og morguden; landområde som oppstår frå eit uendeleg og tidlaust urhav; eller skaping ex nihilo (ut av inkje).

Den sumeriske skapingsmyten mini|Leirtavle med ein del av den sumerske skapingsmyten.

Sumer var eit oldtidsrike i Mesopotamia som låg mellom elvene Tigris og Eufrat, og er ein av dei eldste kjende sivilisasjonane på jorda. Den sumeriske skapingsmyten er den eldste kjente. Ein har funne henne på ei fragmentert leirtavle, kjent som Eriduskapinga, datert til 1700-talet f.Kr. Denne omfattar også ein syndflodsmyte.

Der leirtavla byrjar har gudane An, Enlil, Enki og Ninhursag skapt sumerarane og dyra. Deretter stig kongane ned frå himmelen og dei fyrste byene blir grunnlagt – Eridu, Bad-tibira, Larsa, Sippar og Shuruppak.

Etter eit tapt stykke i leirtavlene blir det fortalt at gudane har vedteke å fløyma over jorda med ei syndflod for å straffa menneskja. Zi-ud-sura, som er konge og prest, lærer om dette. I ei seinare akkadisk utgåve er det guden over vatnet Ea, eller Enki på sumersk, som åtvarar helten (Atra-hasis i dette tilfellet) og gjev han instruksar for å byggja ein ark. Dette er tapt i det sumerske fragmentet, men ein omtale av Enki som har ei rådføring med han antydar at dette er rolla til Enki også i den sumeriske versjonen.

Når leirtavla held fram skildrar ho flaumen. Ein forferdeleg storm voggar den store båten i sju dagar og sju netter. Deretter dukkar Utu, solguden opp og Zi-ud-sura skaper ei opning i båten, kneler til jorda og ofrar deretter ein okse og sauer i takksemd.

Etter endå eit avbrot held teksten fram, syndfloda er tilsynelatande over og dyra blir sette i land frå båten. Zi-ud-sura kneler for An, himmelguden, og Enlil, den øvste av alle gudane, og desse gjev han evig liv og lèt han slå seg ned i Dilmun for «ta vare på dyra og avkommet til menneskja». Resten av diktet er gått tapt.University of Oxford, The ETCSL project, The Flood story

Den babylonske skapingsmyten portrett|mini|Marduk og draken hans, frå eit babylonsk sylindersegl. Babylonia var eit oldtidsrike i Mesopotamia (det moderne Irak). Det omfatta områda til dei tidlegare rika Sumer og Akkad. Den babylonske skapingsmyten er gjenfortald i Enuma Elish, eit epos om byrjinga i verda. Det er blitt datert til slutten av det andre tusenåret f.Kr.

I eposet er guden Marduk (eller Assur i dei assyriske utgåvene av diktet) blitt skapt for å forsvara dei guddommelege skikkelsane frå eit angrep av sjøgudinna Tiamat. Marduk tilbyr seg å berga gudane berre om han blir utpeika som den høgaste, udiskutable leiaren deira, og bli verande i denne posisjonen sjølv etter at trusselen er nedkjempa. Gudane går med på kravet hans.

Marduk utfordra Tiamat til tvikamp og drap henne. Deretter reiv han liket hennar i to halve delar som han deretter skapte jorda og himmelen med. Så skapte han kalenderen, organiserte planetane og stjernene og regulerte månen, sola og vêret. Gudane underkasta seg han og svor lydnad, og skapte deretter den babylonske hovudstaden Babylon som den jordiske motparten til gudsriket. Marduk drap så maken til Tiamat, Kingu. Av hans blod skapte han menneskja slik at dei kunne gjera arbeidet til gudane.

Egyptiske skapingsmytar mini|Framstilling av Ra sitt auge og egyptiske gudar som Hathor, Nefthys, Isis, Osiris, Nut, Geb, Shu og Atum. Frå Dendera-tempelet. Egypt i oldtida var ei statsdanning i det fruktbare området langs Nilen som varte varte i to tusen år frå rundt 3300 f.Kr. Det er minst tre ulike skapingsmytar i egyptisk mytologi som samsvarer med minst tre ulike grupper tilbedarar.

I forteljinga Ennead («dei ni») stig Atum opp frå det opphavlege urhavet Neith og masturberer for å dulma einsemda si. Av sæden og pusten hans blir Tefnut (fukt) og Shu (tørrheit) til. Frå Shu og Tefnut blir Geb (jorda) og Nut (himmelen) fødde i ein tilstand av evig samleie eller samansmelting til Shu skil dei frå kvarandre. Barna deira er Ausare (Osiris; død), Set (ørken), Aset (Isis; liv), og Nebet Het (Nefthys; fruktbart land). Osiris og Isis er eit par, det same er Nefthys og Set.

I forteljinga Ogdoaden («dei åtte») stig Ra, anten frå eit egg eller frå ein blå lotus, som eit resultat av den kreative samhandlinga mellom urkreftene til Nu/Naunet (vatn), Amun/Amaunet (luft), Kek/Kauket (mørkre) og Heh/Hauhet (æve). Ra skaper deretter Hathor, kona si, som han får sonen Hor eller Horus med (i denne forma kjend som Horus den eldre), som så giftar seg med Isis. Denne skapingsmyten omfatta også Anupu (Anubis) som herre over dei døde.

I den tredje gruppa er Ptah evig, endelaus og evinneleg, og han kallar liv i verda og alle gudane fram til eksistens på tilsvarande vis som den jødisk-kristne trua forstår konseptet sitt for Gud.

Over tid blei dei rivaliserande gruppene gradvis samanfletta. Ra og Atum blei identifisert som den same guden, og Atums mystiske skaping blei den i Ogdoaden. Ra fekk såleis barna Shu og Tefnut, og vidare. Som konsekvens blei Anubis identifisert som ein son av Osiris, tilsvarande skjedde med Horus. Rolla til Amun blei seinare etter kvart stadig større, og i ei tid var han den øvste guden, men blei til slutt vurdert som ein manifestasjon av Ra.

Ei tid var Ra og Horus identifisert som kvarandre, og då Aton-monoteismen blei introdusert utan hell var det Ra-Horus som var tenkt som Aton, og følgjande ein opphavsmyte inspirert av denne. Seinare blei kulten til Osiris meir populær og han var hovudguden, identifisert som ei form av Ptah. Til slutt blei alle gudane tenkte som aspekt av Osiris, Isis, Horus eller Seth (som no blei rekna som ein tvitydig og eventuell vond guddom). Faktisk hadde både Horus og Osiris byrja å bli rekna som den same guden, men Ptah blei til slutt identifisert som Osiris.

Ein seinare versjon av forteljinga har betraktninga at det øvste vesenet (Gud) var Atum-Raa og at han uttalte orda for skaping som skapte urvatnet Naunet frå Nu (det himmelske havet). Naunet inneheldt alt i uutvikla tilstand, som i embryonisk form. Dette livet tok forma av eit egg, og frå dette egget kom Ra, gudslyset som blei årsaka til at alt liv oppstod. Ra var representert av den egyptiske soldisken (også symbolisert germansk, norrøn, gresk og vedisk tradisjon av ei solvogn, også referert til i bibelske tekstar ved profeten Elia). Ra, gudslyset i naturen, blei seinare manifestert på jorda gjennom soldisken (eten) og verka i form av dosher – soloppgangen som byrjinga av livet på jorda.

Skapingsmytar frå gresk antikk mini|Kronos og Rhea avbilda på ein gresk vase. Rhea gjev Kronos ein stein å sluka i staden for eit av barna sine.

Det antikke Hellas er rekna som den viktigaste grunnleggjaren av kulturen til den vestlege sivilisasjonen. Gresk mytologi omfattar fleire mytologiske forteljingar som handlar om gudane og heltane til dei antikke grekarane. Gresk religion er polyteistisk i vesen, og dette pregar også førestillingane ein finn her om opphavet til verda.

Filosofen Platon skildrar ein skapingsmyte som involverer eit vesen kalla demiurg («verdsskaparen») i dialogen sin Timaios.

Diktaren Hesiod fortel i diktverket Theogonien ('Gudefødselen') at i byrjinga eksisterte kaos i form av Khaos som deretter fødde Gaia (jorda), Tartaros (underverda), Eros (begjær), Nyx (nattemørket) og Erebos (mørket i underverda). Gaia fekk fram Uranos, himmelen, hennar like, som dekte henne, fjella og dei ufruktbare djupnene i havet, Pontos ut av seg sjølv. Men etterpå, fortel Hesiod, låg ho med Uranos og blei svanger med Okeanos (urstraumen eller hava som dekte jorda), Koios og Krios, og titanane Hyperion og Iapetos, Theia og Rhea, Themis og Mnemosyne og Foibe og havgudinna Tethys.

På tilråding frå Gaia kastrerte Kronos far sin, Uranus, og gifta seg med Rhea, som fødde den andre generasjon av gudar; Hestia, Demeter, Hera, Hades, Poseidon, og Zevs. Zevs og brørne hans velta Kronos og dei andre titanane, og trekte deretter lodd om kva område kvar av dei skulle vera herskar over. Zevs trekte himmelen, Poseidon havet og Hades underverda.

Den jødisk-kristne skapingsmyten mini|Gud skaper Eva frå sida til Adam. Freske frå Vittskövle kyrkje i Skåne. mini|Fallet til menneskas, måleri av Cornelis van Haarlem, 1592

Jødedommen er den eldste av dei tre store monoteistiske verdsreligionane, og moderreligion for kristendommen. Den jødisk-kristne forklaringa for skapinga har grunnlaget sitt i Fyrste Mosebok, også kalla Genesis (hebraisk בראשית Bereshit «I byrjinga», gresk Γένεσις Génesis, «Byrjing»), den fyrste boka i Bibelen. Trosførestillingar om skapinga skil seg ein del frå kvarandre blant jødisk-kristne grupper, både i dag og i fortida. Ordlyden i opningsverset i Fyrste Mosebok var tvitydig i den opphavleg teksten, og den norske omsetjinga lyder: «I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda. Jorden var øyden og tom, og mørke låg over havdjupet. Men Guds Ånd sveva over vatnet».Bibelen.no: Første Mosebok I ein lesnad eller tolking kan ein rekna med eit allereie eksisterande kosmos som Gud nyttar som råmateriale for arbeidet sitt, ei tolking som blir føretrekt av dei fleste forskarar. At Gud skapte «himmelen og jorda» blir vanlegvis assosiert med å forma noko frå noko som allereie eksisterande.

Faktisk er det to skapingssoger i Bibelen. I den fyrste (Fyrste Mosebok 1:1-2:3) skaper Gud fasettar av verda kvar dag i løpet av sju dagar. Skapinga skjer ved guddommeleg kommando: «Då sa Gud: «Det bli lys!» Og det vart lys.» Menneskja i form av mann og kvinne blei skapt samtidig både i den hebraiske Bibelen som i den norske standardomsetjinga (noko som opnar for moglegheita for meir enn eit par), og menneska blei skapte etter at heile verda er førebudd for dei. Dei blei skapte i Guds bilete, noko som sannsynlegvis ber meininga om at menneskja var Guds representantar på jorda og overherre over alle andre vesen. Den siste dagen markerer heilaggjeringa av sabbaten som heilag for Gud.

Den andre forteljinga (Fyrste Mosebok 2:4-25) er i ei meining ein etiologi av opphavet til sedelegheit og moral. Ho byrjar med skapinga av mann og kvinne som blir skapt kvar for seg, i motsetnad til den fyrste forteljinga. Eit tema i den andre forteljinga er opphavet til ekteskapet og overherredømmet til hankjønnet over hokjønnet i Edens hage. Adam og Eva lever i harmoni med Gud fram til dei får «kunnskap om godt og vondt». I den hebraiske Bibelen er det en annen frase enn «godt og vondt» som ikke indikerer ein moralsk kunnskap: «kunnskapen om alt». Etter denne kunnskapen blir dei utvist frå nærværet til Gud og paradiset.