Let 3 (kroatisk for ‘flyging 3’) er eit rockeband frå Rijeka i Kroatia, etablert i 1987. Frontfigurane i bandet er Damir «Mrle» Martinović og Zoran «Prlja» Prodanović. Bandet er populært i Kroatia og i fleire andre av dei tidlegare jugoslaviske landa. Populariteten skuldast i stor grad av rockestilen til bandet og dei sjokkerande og provokative framsyningar deira, som ofte inneber mykje nakenskap. Bandet vann i februar 2023 den kroatiske songtevlinga Dora og representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Mama ŠČ!».
Bakgrunn
Let 3 har røter tilbake til slutten av 1970-åra, då rockemusikarane Damir Martinović (Mrle) og Zoran Prodanović (Prlja) spelte i kvart sitt rockeband. I februar 1986 slo dei seg saman og danna gruppa Let 2, før dei tidleg året etter etablerte etterfølgjaren Let 3 og gav ut EP-en Rijeka – Pariz –Texas.
Sidan i 1987 har Let 3 endra medlemmar ei rekkje gongar, og dei har gjort seg merka med ustyrlege framsyningar og sjokkerande og provokative tekster og utgjevingar. Bandet har skapt overskrifter og debatt i Kroatia og ellers på Balkan med seksualiserte tekster og konsertframsyningar der medlemmane opptrer nærast nakne.
I 1997 gav bandet ut albumet Nečuveno (‘opprørande’ eller ‘uhøyrd’), som blei distribuert som ein CD utan innhald. Trass dette, blei det selt 350 eksemplar av albumet. Det neste albumet, Jedina (‘den einaste’) frå 2000, blei fyrst gjeve ut i berre eit eksemplar som bandet nekta å distribuere eller selje. Til slutt vedtok plateselskapet å gje ut albumet i ein noko endra versjon. Dette gjorde at bandet i protest iscenesette ei falsk avnretting av seg sjølv på Ban Jelačić-plassen i Zagreb. Sidan har bandet skapt ei rekkje andre kontroversar og overskrifter.
Den 9. desember 2022 blei Let 3 kunngjort som ein av deltakarane i Dora 2023, ei musikktevling som kårar det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023. Dei vann finalen laurdag 11. februar 2023 med songen «Mama ŠČ!» og fekk dermed representere Kroatia i Eurovision Song Contest i Liverpool. Der enda de på 13. plass i finalen.
Medlemmar Let 3 har hatt regelmessige endringar i besetninga si sidan etableringa i 1987. Per 2023 består bandet av:
Damir Martinović (Mrle) – bass, lydeffekter, vokal Zoran Prodanović (Prlja) – vokal Ivan Bojčić (Bin) – trommer Dražen Baljak (Baljak) – gitar, mandolin Matej Zec (Knki) – gitar, støttevokal
Tidlegare bandmedlemmar: Branko Kovačić (Husta) – trommer, slagverk Kornelije Đuras (Korni) – keyboard, sampling Ivan Šarar (Faf) – keyboard, programmering, sampling Ivica Dražić (Miki) – gitar, vokal Nenad Tubin – drums, vokal Igor Perović (Gigi) – gitar Zoran Klasić (Klas) – gitar, vokal Orijen Modrušan – gitar Alen Tibljaš – trommer Marko Bradaschia – trommer Dean Benzia – trommer Siniša Banović – trommer Ljubomir Silić – bass Raoul Varljen – keyboard
Diskografi Album 1989: Two dogs fuckin''' 1991: El Desperado 1994: Peace 1996: Živi kurac 1997: Nečuveno 2000: Jedina 2005: Bombardiranje Srbije i Čačka 2008: Živa Pičk 2013: Kurcem do vjere/Thank you lord 2016: Angela Merkel sere (Norsk: Angela Merkel-pissprat)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Let 3» frå , den 12. desember 2023.''
Kategori:Kroatiske rockegrupper Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar