«Future Lover» (norsk omsetjing ‘framtidig elskar’) er ein song av og med den armenske songaren Brunette. Songen blei gjeven ut 15. mars 2023 og var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i England.
Om songen «Future Lover» er komponert av Elen Jeremjan, kjend under artistnamnet Brunette. Ho blei vald av den armeneske kringkastaren ARMTV til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2023. Gjennom den interne uttakinga, vedtok kringkastaren at «Future Lover» skulle vere det armenske bidraget. Songen har tekst på engelsk og armensk.
Låten blei gjeven ut 15. mars 2023, eit av dei siste bidraga til å bli offentleggjort føre tevlinga i mai. Jeremjan kalla låten for eit «poetisk lerret, eit brev utan mottakar». Ho blei inspirert av eit sitat ho fann på sosiale medium, og «orda blei til ein melodi, og ei heil rekkje kjensler berre eksploderte ut av meg. I løpet av livet ser vi alle etter den eine – den framtidige elskaren, han som skal lekamleggjere draumar, ideal og frykter».
Armenia deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool, og hadde startnummer 2. I semifinalen blei «Future Lover» nummer seks og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen enda låten på 14. plass blant 26 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (AGATA) 21
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Future Lover» frå , den 5. desember 2023.
Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Armenskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar