«Heart of Steel» (norsk omsetjing: ‘hjarte av stål’) er ein ukrainsk elektropoplåt frå 2022 av og med duoen Tvorchi. Songen vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i desember 2022 og var det ukrainske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.

Om songen «Heart of Steel» er skriven av elektronikaduoen Tvorchi, beståande av ukrainske Andrij Hutsuljak og nigeriansk-fødde Jimoh Augustus. Dei skreiv songen og teksta våren 2022, inspirert av dei ukrainske soldatane og motstandsfolka som lenge stod imot russiske styrkar ved stålverket Azovstal i Mariupol, aust i Ukraina.

Vidbir og Eurovision Song Contest I desember 2022 var «Heart of Steel» blant bidraga i den tv-sende ukrainske songtevlinga Vidbir. Vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2023. Den ukrainske finalen fann stad 17. desember 2022 i den underjordiske t-banestasjonen ved Majdan-plassen, som følgje av krigen i landet.

Tvorchi og «Heart of Steel» vann Vidbir med nest flest røyster frå fagjuryen og flest røyster frå sjåarane. Gjennom sigeren fekk duoen representere Ukraina i Eurovision Song Contest i Liverpool i Storbritannia. Som følgje av at Ukraina vann Eurovision Song Contest året før, var landet direktekvalifisert for finalen laurdag 13. mai 2023. I finalen fekk sangen til saman 243 poeng og enda på sjetteplass, rett bak Alessandra og «Queen of Kings» frå Noreg.

Utgjevingshistorikk Den ukrainske kringkastaren Suspilne la låten ut for strøyming på YouTube 1. desember 2022. Songen blei gjeven ut som singel 9. desember, og han var del av EP-en med same namn, som blei sloppen litle julaftan same år. RegionDatoFormatMerkeDiverse1. desember 2022StrøymingGjeven ut på eige forlag9. desember 2022Digital nedlasting23. desember 2022EP-utgjeving

Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (IFPI) 84 (Tónlistinn)35 (AGATA) 12 (Polish Streaming Top 100) 97 SUS (TopHit) 171 (Sverigetopplistan) 65 (TopHit Airplay)5

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heart of Steel» frå , den 6. desember 2023.

Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ukrainskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar