Gunnar Andersen () var ein norsk idrettsmann frå Oslo, skihoppar og fotballspelar. På fotballbana var han ein «eminent halfback, oppoffrende lagspiller og myndig kaptein». I 1918 vart han den fyrste som vart tildelt Egebergs ærespris.

Karriere Ski Sundag 18. februar 1912 sette Andersen uoffisiell verdsrekord då han vann hopprennet i Gustadbakken i Modum med eit bestehopp på 47 meter.Fremstiden 20. februar 1912

Fotball Andersen fekk sin landslagsdebut i 1911. Han var i mange år lagkaptein, mellom anna då Noreg i juni 1918 vann 3–1 over Danmark og landslaget kunne bokføre sin fyrste siger. 1919-sesongen spelte han alle fire kampane då Noreg vart uformell skandinavisk meister gjennom to triumfar mot Sverige og siger over Danmark på heimebane. Andersen deltok både i Sommar-OL 1912 i Stockholm og i Sommar-OL 1920 i Antwerpen. I Antwerpen overraska det norske mannskapet ved å slå England, ein av favorittane i turneringa.Dagbladet 30. august 1920 Då olympiaden var over kom han med som venstre-half på eit tenkt verdslag. Han spelte sin 46. og siste landskamp i 1924.

Andersen spelte på fotballaget til Ski- og fotballklubben Lyn frå 1912 til 1924. Laget tok seg til finalen i noregsmeisterskapen i 1923, der det vart tap mot SK Brann.

Sidan var han fotballdommar.I fleire år sat han i styret til Norges Fotballforbund og i komiteen som tok ut landslaget.

Merittar Tap i cupfinalen: 1923 med Lyn

Kjelder

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske skihopparar Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo