Rolf Dieter Brinkmann () var ein tysk lyrikar, novelle- og romanforfattar, essayist, redaktør og omsetjar. Han blir sett som ein føregangar for poplitteraturen frå 2000-talet i heimlandet sitt, men med ein subversiv grunnkarakter som den seinare tidsstrøyminga manglar.Thomas Ernst: Popliteratur (2001, 2005)Ausserordentlich und obszön. Rolf Dieter Brinkmann und die Popliteratur. Hösten 2006 anordnade Kunsthaus Rhenania i Köln en utställning som hette "Utomordentlig och obscen. Rolf Dieter Brinkmann och poplitteraturen." Intendenten Uwe Husslein guidar i denna film (57 min).
Liv Rolf Dieter Brinkmann voks opp i eit katolsk miljø i den vesle nordvesttyske byen Vechta. Faren Josef Brinkmann var utdanna boktrykkar, som far sin, men arbeidde etter krigen ved skatteverket. Mora Magritte var utdanna kokke som før krigen var kjøkkensjef på eit gods i Westfalen, men etter krigen var ho heimeverande. Rolf (som var tiltalenamnet hans, andrenamnet Dieter blei lagt til seinare som forfattarnamn) var det einaste barnet deira.
Som femåring byrja han på i ein katolsk folkeskule, der han var elev til 1950. Ved ti års alder fortsette han ved det humanistiske Gymnasium Antonianum, med studiar i latin, gresk og engelsk. 16 år gammal heldt han foredrag om eksistentialisme i ei elevforeining som kom saman jamleg, og om diktarar som Benn og Rimbaud. Han resiterte dikt av forfattarar som Rilke og Pound, og deltok i teateroppsetjingar, ein gong i rollen som Beckmann i Wolfgang Borchert sitt Draussen vor der Tür.
Han gjekk på Antonianum fram til mars 1958, då han dumpa i gammalgresk og kjemi, og gjekk ut utan sluttkarakter.Dessa uppgifter är hämtade från en kortfattad biografi som Brinkmann själv skrev i ett brev till Hartmut Schnell 1974. Ur Literaturmagazin 36: Rolf Dieter Brinkmann, s 210. Seinare same haust fekk høve til å ta opp att faga.Enligt kännaren Markus Fauser i denna sammanfattande text. kulturportalnordwest.de Året før hadde mor til Brinkmann døydd av brystkreft etter eit års sjukdom, ei oppleving han vende tilbake til i arbeida sine fleire gonger.T. ex. i dikten "Sov, Magritte", Doktor Karneval, sid. 69 Faren gjekk bort ti år seinare, i 1967. Rolf Dieter Brinkmann flytta til Essen i 1959 for å ta ei utdanning retta mot bokhandel.
I Essen blei han kjende med Maleen Kramer (fødd 1940), den komande kona si, som etter at han døydde blei hovudredaktør ved utgjevinga av verka til Brinkmann verk. Paret busette seg i Köln i 1962. Fleire kortare opphald i London på 1960-talet førte Brinkmann nær den engelske poesien og popmusikken i samtida. Paret gifta seg i 1964 og blei foreldre same året, til sonen Robert. I likskap med Maleen var Rolf student ved Pädagogische Hochschule (Lærarhøgskolen), men uten at ta eksamen. Frå 1966 forsørgde han seg som forfattar. I samband med ein opplesing ved Akademie der Künste i Vest-Berlin i 1968 vekte Brinkmann skandale under ein etterfølgjande offentleg diskusjon med kritikaren Marcel Reich-Ranicki. Han heldt opp romanen sin Keiner weiß mehr og ropte: «Om denne var eit maskingevær skulle eg skyta dykk ned!»Marcel Reich-Ranicki utgick från denna episod när han nästan 40 år senare skrev om Brinkmanns författarskap i Frankfurter Allgemeine Sonntagszeitung Nr. 21, sid. 36 (2005-05-29)
På 1970-talet budde Brinkmann eit år i Roma som Villa Massimo-stipendiat (1972-73). Vårsemesteret 1974, frå januar til mai, var han gjesteforelesar i skrivekunst og litteratur ved German Department ved University of Texas i Austin. Der medverka han ved den fjerde International Poetry Festival of the University of Texas at Austin. Året etter, våren 1975, var han innboden til å halda eit par opplesingar i Cambridge i England under ein fleire dagar lang fyrste tilstelling av poesifestivalen Cambridge Poetry Festival. Dette var bare nokre veker før utgjevinga av Westwärts 1 & 2, den fyrste boka hans på fem år. Han opptredde laurdag 19. april i lag med tre engelskspråklege diktarar, amerikanaren John Ashbery og engelskmennene John James og Lee Harwood. Dagen etter las han opp med dei tyskspråklege diktarane Reiner Kunze og Michael Hamburger - som òg fungerte som engelsk omsetjar og vert - og Jürgen Theobaldy. Den noko yngre landsmannen Theobaldy, som då hadde gitt ut eit par diktsamlingar, har seinare skildra Brinkmann under denne hendinga og dei siste dagane hans i London, der han døydde etter ein påkjørsle eit par dagar etter festivalen, 23. april.Jürgen Theobaldy (1985) Som den fyrste blei Rolf Dieter Brinkmann tildelt det nyinnstifta litterære Petrarcaprisen posthumt same år.
Fram till 1992 kvilte han anonymt i familiegrava til Brinkmann-familien på den katolske kyrkjegarden i fødestaden Vechta, deretter blei «Rolf Dieter 1940-1975» gravert inn.Enligt Markus Fauser. kulturportalnordwest.de
Bibliografi
Keiner weiβ mehr (Roman, första upplagan 1968 på förlaget Kiepenheuer & Witsch, Köln). Ingen ved mere, dansk oms. av Birte Svensson (Arena, 1971) La lumière assombrit les feuilles, fransk oms. av Jean-Louis Pontaubert (Gallimard, 1971) Fragment zu einigen populären Songs (bidrag till tidskriften Literaturmagazin 3, på temat "Die Phantasie an die Macht", Literatur als Utopie, s. 105-123, red. Nicolas Born, februari 1975 Westwärts 1 & 2 (Gedichte, 1975; ny utvia utgåve 2005) Rom, Blicke (Tagebuch, 1979) Rome, regards (Quidam éditeur, 2008); fransk oms. av Martine Rémon. Standphotos (1980) Der Film in Worten (1982) Eiswasser an der Guadelupe Str. (1985) Erzählungen (Prosa 1959-1966, 1985) Briefe an Hartmut 1974-1975 (1999) vorstellung meiner hände (2010)
Svenske omsetjingar
Roma di notte (oms. Mikael Ejdemyr). I Görgen Antonssons tidskrift Amalgam, nr 7 (1986/87), s. 2-10 Doktor Karneval (dikt i utval og omsetjing av Mikael Ejdemyr) (Bakhåll, 1988),
Engelsk
Like a pilot : Rolf Dieter Brinkmann, selected poems, 1963-1970 ; a bilingual edition, oms. Mark Terrill (2001) Some Very Popular Songs, a long poem from Westwärts 1 & 2, trans. Mark Terrill (Todd Press, 2010) Under Glass, a foldout broadsheet of 13 poems, oms. Mark Terrill (Longhouse, 2010) An Unchanging Blue,Recension av översättningsvolymen An Unchanging Blue (2011) Stephan Delbos, The Prague PostKort intervju med Brinkmanns översättare Mark Terril (2011) The Prague Post selected poems 1962-1975, oms. Mark Terrill (Parlor Press, 2011), 222 s.
Prisar og utmerkingar
1964: Förderpreis de Lande Nordrhein-Westfalen für junge KünstlerEtt pris för unga konstnärligt verksamma personer, skänkt av den tyska delstat där RDB bodde. Se Nordrhein-Westfalen. 1971: Stipendium de Lande Nordrhein-WestfalenText+Kritik 71, s 90 1972-73: Villa Massimo 1975: Petrarcaprisen (posthumt)
Kjelder
Generelle kjelder
Maleen Brinkmann: Rolf Dieter Brinkmann (LiteraturMagazin 36, 1995) Karl-Eckhard Carius (red.): Brinkmann. Schnitte im Atemschutz Med bidrag av Peter Handke, Bazon Brock, Michael Krüger, Elfriede Jelinek, Marcel Reich-Ranicki, Richard Wagner med flera. (Rowohlt: München: text + kritik, 2008) Roberto Di Bella: ‚... das wildgefleckte Panorama eines anderen Traums‘. Rolf Dieter Brinkmanns spätes Romanprojekt. Königshausen & Neumann, Würzburg 2015, . ( = Studien zur Kulturpoetik. Hrsg. von Torsten Hahn, Erich Kleinschmidt und Nicolas Pethes; Band 18) Mikael Ejdemyr: Förord (Doktor Karneval, 1988) Thomas Ernst: Literarische Grenzüberschreitungen. Die Grundlegung der Popliteratur durch Rolf Dieter Brinkmann - Für und Wider. (Popliteratur, 2001, 2005) Markus Fauser: Medialität der Kunst. Rolf Dieter Brinkmann in der Moderne (Bielefeld, 2011) Markus Fauser: Rolf Dieter Brikmanns Fifties. Unterwegs in der literarischen provinz (Aisthesis Verlag, 2018) Markus Fauser / Dirk Niefanger / Sibylle Schönborn: Brinkmann-Handbuch: Leben – Werk – Wirkung (J.B. Metzler, 2020) Gunter Geduldig: Rolf Dieter Brinkmann. Ingår i: Klaus Seehafer (red.): Dichter, Denker, Eigenbrötler. 30 niedersächsische Klassiker. (Leer: Leda-Verlag 2003) s.304-312. Oliver Kobold: Lange Nachdenkliche Gange. Rolf Dieter Brinkmanns Lyrik Und Prosa 1959-1962 (Universitätsverlag Winter, 2014) Jan Röhnert; Günter Geduldig (red): Rolf Dieter Brinkmann. Seine Gedichte in Einzelinterpretationen. (2 band. Berlin: Walter De Gruyter, 2012) Holger Schenk: Das Kunstverständnis in den späteren Texten Rolf Dieter Brinkmanns (Europäische Hochschulschriften, Frankfurt am Main: Verlag Peter Lang, 1986) Jörgen Schäfer: Pop-Literatur. Rolf Dieter Brinkmann und das Verhältnis zur Populärkultur in der Literatur der sechziger Jahre. (1998) Sibylle Späth: Rolf Dieter Brinkmann (Springer Verlag, 2016) Text + Kritik. Zeitschrift für Literatur. Nr 71: Rolf Dieter Brinkmann (1981) Jürgen Theobaldy: Bevor die Musik vorbei ist. Zu Rolf Dieter Brinkmann. (LiteraturMagazin 15, 1985)
Denne artikkelen bygger på «Rolf Dieter Brinkmann» frå , den 21. oktober 2023.
Kategori:Folk frå Niedersachsen Kategori:Tyske omsetjarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet