Brian Johnson () er ein engelsk songar og låtskrivar. I 1980, etter Bon Scott døydde, vart han den tredje vokalisten i det australske rockebandet AC/DC. Han og resten av bandet vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame i 2003. I mars 2016 trekte han seg mellombels frå bandet under Rock or Bust-turneen på grunn av høyrselsproblem. I september 2020 stadfesta AC/DC offisielt at Johnson saman med bandkollegaene Phil Rudd og Cliff Williams hadde slutta seg til bandet i august 2018 for å spela inn albumet Power Up frå 2020, med bandet .

Johnson var ein av grunnleggjarane av rockebandet Geordie som vart danna i Newcastle upon Tyne i 1971. Etter nokre hitsinglar, mellom anna den britiske topp 10-singelen «All Because of You» (1973), vart bandet oppløyst i 1978. Etter Bon Scott døydde 19. februar 1980 vart Johnson bede om å prøvesyngje for AC/DC. AC/DC-gitaristane og grunnleggjarane Angus og Malcolm Young tok kontakt med Brian og hugsa at Bon hadde vorte imponert over han etter å ha sett han opptre med Geordie. Hans første album med AC/DC, Back in Black, vart det nest bestseljande albumet gjennom tidene, ifølgje dei fleste estimat. The Guardian rangerte den vellykka overgangen til Johnson som nr. 36 på lista si over 50 viktige hendingar i rockemusikkhistoria.

Johnson er kjend for den karakteristiske syngjande stemma si og sterke Geordie-dialekt. I juli 2014 vart han utnemnd til æresdoktor i musikk av Northumbria University i byen Newcastle som ei anerkjenning til dei store bidraga hans til musikkbransjen.

Diskografi Med Geordie TittelDatoSelskapHope You Like It1973EMIDon't Be Fooled by the Name1974Save the World1976No Good Woman1978

Med AC/DC TittelDatoSelskapAmerikansk albumsalVerdsomfattande albumsalBack in BlackJuli 1980Atlantic25 000 00050 000 000For Those About to RockNovember 19814 000 0007 000 000Flick of the SwitchSeptember 19831 000 0004 000 000Fly on the WallJuni 19851 000 0004,200 000Who Made WhoMai 19865 000 00010 000 000Blow Up Your VideoJanuar 19882 000 0004 000 000The Razors EdgeSeptember 1990Atco5 000 00012 000 000LiveOktober 19925 000 0008 000 000BallbreakerSeptember 1995Elektra2 000 0006 000 000Stiff Upper LipFebruar 20001 000 0004 000 000Black IceOktober 2008Columbia 2 500 0008 000 000Rock or BustNovember 2014 500 0002,800 000 Power UpNovember 2020—1 400 000

Solo TittelDatoNational Lampoon's Totally Baked: A PotumentaryApril 2007

Publikasjonar

Rockers and Rollers: An Automotive Autobiography. Simon & Schuster Australia. 2009. The Lives of Brian: A Memoir. Dey Street Books. 2022.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brian Johnson» frå , den 26. juni 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:AC/DC-medlemmar Kategori:APRA Award-vinnarar Kategori:Britiske bilsamlarar Kategori:Britiske sjølvbiografiforfattarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Folk frå Gateshead Kategori:Musikarar frå Tyne and Wear