Thierry Gueorgiou () er ein fransk tidlegare orienteringsløpar frå Saint-Étienne. I tida 2003-17 vann han 13 individuelle VM-gull og eitt stafett-gull med Frankrike]]. Tre gongar vart han europameister.
Gueorgiou utmerkte seg særleg på den om lag 6 kilometer lange mellomdistansen. Han vann den distansen heile 8 gongar: 2003, 2004, 2005, 2007, 2008, 2009, 2011, 2017. I 2007 sigra han også på kort-distansen. Frå 2009 byrja han også å vinne medaljar i den klassiske orienteringsdistansen over om lag 15 km. Han vart klassisk verdsmeister i 2011, 2013, 2014 og 2015. Over dei femten åra frå 2003 til 2017 sanka han 14 gullmedaljar, 5 sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap VM 2003: Gull i mellom- og bronse i kort-distanse VM 2004: Gull i mellomdistanse VM 2005: Gull i mellomdistanse, sølv i stafett VM 2006: Nr 4 i mellomdistanse VM 2007: Gull i mellom- og kort-distanse VM 2008: Gull i mellomdistanse VM 2009: Gull i mellom- og sølv i klassisk-distanse VM 2010: Bronse i klassisk- og mellomdistanse VM 2011: Gull i klassisk- og mellomdistanse og i stafett VM 2012: Bronse i mellomdistanse VM 2013: Gull i klassisk- og sølv i mellomdistanse VM 2014: Gull i klassisk-distanse og bronse i stafett VM 2015: Gull i klassisk-distanse VM 2016: Sølv i klassisk-distanse VM 2017: Gull i mellomdistanse, sølv i stafett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thierry Gueorgiou» frå , den 27. juni 2023.
Kategori:Orienteringsløparar Kategori:Franske idrettsutøvarar Kategori:Folk frå Saint-Étienne