Birger Søyland (), opphavleg Birger Søyland Nielsen, er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Kristiansand som i åra 1983, 1985, 1987 og 1989 vart noregsmeister i tresteghopp. Han var medlem i IK Våg til 1985, sidan representerte han IL i BUL, Romedal IL og FIK Orion.

Søyland kjempa i landstoppen i tresteghopp det meste av 1980-talet. Han sette personleg rekord med 15,41 meter i 1982, ein rekord han året etter flytta til 15,67 m. Den 17. juni 1984 presterte han 16,01 meter og livsbeste i Malmö, eit resultat som også var norsk årsbeste i øvinga. Under NM i friidrett 1985 landa han på 16,28 m og fekk sølv, men grunna for sterk medvind fekk korkje han eller vinnaren Torstein Dahle godkjent sine livs lengste tresteghopp som personlege rekordar.

Medaljar i noregsmeisterskap 1981 i Haugesund: Bronsemedalje i tresteghopp 1982 i Porsgrunn: Bronsemedalje i tresteghopp 1983 i Trondheim: Gullmedalje i tresteghopp 1984 i Øvre Årdal: Gullmedalje i tresteghopp, bronse i lengdehopp 1985 i Bærum: Sølvmedalje i tresteghopp 1987 i Nesbyen: Gullmedalje i tresteghopp 1988 på Byrkjelo: Bronsemedalje i tresteghopp 1989 i Stjørdal: Gullmedalje i tresteghopp 1994 på Jessheim: Bronsemedalje i tresteghopp

Søyland kom på tredjeplass i tikamp-NM i 1995, 1997 og 1998.

Personlege rekordar Lengdehopp: 7,35 m (1984) Tresteghopp: 16,01 m (1984) Tikamp: 6 427 poeng (1997)

Kjelder friidrett.no

Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske tresteghopparar Kategori:Norske mangekjemparar Kategori:Folk frå Kristiansand