Roar Berthelsen () var ein lengdehoppar frå Mandal i Vest-Agder. Han vann gullmedaljen i lengdehopp under Friidretts-NM åra 1954, 1956, 1957 og 1959. Berthelsen var norsk rekordhaldar i øvinga frå 1959 til 1968. Han var medlem i Mandal og Halse IL til 1954, sidan representerte han IK Tjalve.
Berthelsen var landets beste lengdehoppar i 1954. Midt i august vart han noregsmeister på svake 6,99 m, to veker seinare deltok han EM i friidrett 1954 og vart nummer 11 med 7,16 meter. I september månad forbetra han sin personbeste med to cm til 7,29 m i Oslo, før han den 14.9.1954 la på til 7,32 meter då han i Aten vann øvinga under ein landskamp mot Hellas. Sommaren 1956 flytta han den personlege rekorden to gongar, sist til 7,46 m i Stockholm. Den 25. august 1959 fekk Berthelsen fullklaff ved eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Med eit hopp på 7,62 meter sletta han den 20 år gamle noregsrekorden på 7,54 m. Han fekk vere med til Sommar-OL 1960 i Roma, der han med 7,09 m i kvalifiseringa enda på ein 29. plass.
Medaljar i noregsmeisterskap 1954 i Sarpsborg:Gullmedalje 1955 i Oslo: Sølvmedalje 1956 i Stavanger: Gullmedalje 1957 i Bergen: Gullmedalje 1959 på Hamar: Gullmedalje 1961 i Bergen: Sølvmedalje
Roar Berthelsen var gift med Berit Berthelsen.
Kjelder friidrett.no friidrett.no Arbeiderbladet 26. august 1959
Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Folk frå Mandal