Bjørn Thorkildsen () var ein norsk friidrettsutøvar frå Drammen som vart norsk meister i høgdehopp i 1955, 1956, 1957 og 1960. I 1955 vart han også tildelt kongepokalen. Thorkildsen var norsk rekordhaldar i høgdehopp frå 1955 til 1963. Han var medlem i IF Hellas.
Thorkildsen var i 1955 den suverent beste høgdehopparen i landet. Den 24. september fekk han fullklaff i landskampen Polen–Noreg i Poznan, der han vann høgde-tevlinga ved å forbetre den norske rekorden med 3 cm til 2,03 meter. Nær eitt år etterpå flytta han i Bergen rekorden til 2,04 m, før han den 8. juli 1957 la på til 2,05 meter i Trondheim. Den siste landsrekorden vart sletta av Stein Sletten i 1963.
Medaljar i noregsmeisterskap 1951 i Oslo: Bronsemedalje i høgdehopp 1953 i Trondheim: Sølvmedalje i tresteghopp, bronse i høgdehopp 1954 i Sarpsborg: Sølvmedalje i høgdehopp 1955 i Oslo: Gullmedalje i høgdehopp 1956 i Stavanger: Gullmedalje i høgdehopp 1957 i Bergen: Gullmedalje i høgdehopp 1959 på Hamar: Sølvmedalje i høgdehopp 1960 i Sarpsborg: Gullmedalje i høgdehopp
Personlege rekordar Høgdehopp: 2,05 m (1957) Tresteghopp: 14,12 m (1953)
Kjelder friidrett.no Arbeiderbladet 26. september 1955 Arbeiderbladet 9. juli 1957
Kategori:Norske friidrettsutøvarar Kategori:Folk frå Drammen