høgre|mini|portrett|Lorsch-evangelia. Bokdeksel i elfenbein. Scenar frå seinantikk keisartid tilpassa eit kristent tema. Karolingisk kunst blei laga i Frankarriket i dei rundt 120 åra frå kring 780 til 900, under styret til Karl den store og dei direkte arvingane hans. Denne tida er blitt kalla den karolingiske renessansen. Kunsten blei laga av og for folk kring hoffet og ei gruppe viktige kloster som hadde keisarleg støtte. Kunst skapt utanfor denne opphøgde krinsen viser ein merkbar nedgang i kvalitet på utføring og sofistikert design. Kunsten blei laga i fleire senter i det som no er Frankrike, Tyskland, Austerrike, Nord-Italia og Nederland, og fekk betydeleg innverknad, via kontinentale misjonssenter, frå insulær kunst på dei britiske øyane, og ei rekkje bysantinske kunstnarar som ser ut til å ha vore busette i karolingiske senter. mini|Lotharkrystallen, gravert bergkrystall frå midten av 800-talet. Dette var fyrste gongen ein gjorde eit grundig forsøk i Nord-Europa på å gjenoppliva og etterlikna klassiske stilar og kunstformer frå middelhavsområdet, noko som gav ei blanding av klassiske og nordlege element i ein overdådig og verdig stil, og introduserte særleg ei tiltru til å representera menneskeskikkelsar i nord, og sette scenen for framveksten av romansk kunst og seinare gotisk kunst i Vesten. Den karolingiske epoken høyrer til ein periode i mellomalderkunst som av og til blir kalla «førromansk». Etter eit ganske kaotisk intervall etter den karolingiske perioden, gjenoppliva det nye ottonianske dynastiet keisarleg kunst frå ca. 950. Dette dynastiet bygga på og vidareutvikla karolingisk stil i sin ottonianske kunst.
Oversyn mini|portrett|Elfenbeinsutskjering, truleg frå eit bokdeksel. Frå Reims, frå slutten av 800-talet. Verker viser to scener frå livet til heilage Remigius og døypinga av Klodvig. Det er att ganske gode mengder karolingiske illuminerte handskrift og mindre skulpturar, for det meste i elfenbein. Det er att mykje færre døme på metallarbeid, mosaikk og freskar og andre typar verk. Mange manuskript er kopiar eller fortolkingar av modellar frå seinantikken eller Bysants, som nesten alle no er tapte. I tillegg til desse påverknadane gav den ekstravagante energien frå insulær kunst ein definitiv stil til karolingisk arbeid, som av og til brukte fletteornamentikk, og følgde den insulære fridommen meir forsiktig ved å la dekorasjonar breia seg rundt og inn i teksten på sida til eit manuskript.
Etter at det karolingiske styret tok slutt kring 900, gjekk kunstnarisk produksjon av høg kvalitet mykje tilbake i riket i kring tre generasjonar. Seinare på 900-talet, i lag med dei bendiktinske reformene knytte til Cluny og ei gjenoppvekt and for ideen om keisarriket, byrja kunstproduksjonen opp att. Det kom til nye pre-romaneske stilar i Tyskland med den ottonianske kunsten under det neste stabile dynastiet, i England med sein angelsaksisk kunst etter at trugsmålet frå vikingar var fjerna, og i Spania.
Illuminerte handskrifter venstre|mini|portrett|Drogo-sakramentariet frå kring 850: Ein dekorert initial 'C' viser Kristi himmelfart. Teksten er i gullskrift. Dei mest talrike verka som er att frå den karolingiske renessansen er illuminerte manuskript. Det finst att fleire luksuriøse manuskript, for det meste evangeliebøker, dekorerte med relativt få fullsideminiatyrar som ofte er portrett av evangelistane, og forseggjorte innhaldsforteikningar som følgjer forbilde frå britisk og irsk insulær kunst. Narrative bilet og særleg syklusar er mindre vanlege, men det finst framleis fleire døme, typisk frå Det gamle testamentet og særleg frå Fyrste mosebok; nytestamentlege scenar er meir typisk funne i relieff av elfenbein på deksla.Kitzinger, 69. Dodwell, 49 discusses the reasons for this. Dei overdimensjonerte og sterkt dekorerte initialane frå insulær kunst blei tatt i bruk, og den historikerte initialen vidareutvikla. Ved slutten av perioden såg ein for fyrste gong små narrative scenar i initialane, særleg i Drogo-sakramentariet. Luksusmanuskript blei gjevne rike bindingar eller omslag med juvelar sett i gull og utskorne elfenbenspanel, og, som for insulær kunst, blei prestisjegjenstandar oppbevart i kyrkjer eller skattkammer. Dei var ein annan klasse gjenstandar enn arbeidsmanuskripta som blei oppbevart i bibliotek, der nokre initialar kunne vera dekorerte, og penneteikningar blei lagt til nokre få stader. Nokre få av dei største keisarlege manuskripta blei skrivne på purpurpergament. Berner Physiologus er eit relativt sjeldant døme på eit sekulært manuskript som er sterkt illustrert med fullmåla miniatyrar, som ligg mellom desse to klassane, og kanskje blei laga for privatbiblioteket til ein viktig person, slik som Terentius Vaticanus. Utrecht-psalteret står åleine som ein svært sterkt illustrert bibliotekversjon av salmane utført i penn og akvarell, og nesten helt sikkert kopiert frå eit mykje eldre manuskript.
Andre liturgiske verk blei også av og til laga i luksusmanuskript, som sakramentarium, men det finst ingen karolingisk bibel som er så rikt dekorert som seinantikke eksemplar, som er blitt att i fragment. Lærebøker som teologiske, historiske, litterære og vitskalplege verk frå forfattarar frå antikken blie kopierte og vanlegvis berre illustrerte med blekk, om dei var illustrerte i det heile. Kronografen frå 354 var eit seinromersk manuskript som truleg blei kopiert i karolingartida, men det verker som om denne kopien gjekk tapt på 1600-talet.
Illuminasjonssenter Ein går ut frå at karolingiske handskrifter blei laga stort sett eller berre av geistlige, i nokre få verkstader rundt om i det karolingiske riket. Kvar stad hadde sin eigen stil som utvikla seg basert på kunstnarane og påverknadane på den bestemte staden og tida.Dodwell, 52 Manuskript har ofte inskripsjonar, ikkje nødvendigvis samtidige, om kven som bestilte dei og kva kyrkje eller kloster dei blei gjevne til, men få datoer eller namn og stader for dei som laga dei. Overlevande manuskript er blitt tildelt, og ofte flytta til, verkstadar til lærde. Den eldste verkstaden var hoffskulen til Karl den store. Deretter følgde ein reimsisk stil som fekk mest innverknad i den karolingiske perioden; ein touronsk stil, ein Drogo-stil, og til sist hoffskulen til Karl den skalla. I tillegg til desse hovudsentera fanst det også andre, med sine eigne særmerke. venstre|mini|Lorsch-evangelia frå 778–820. Frå Karl den store sin hoffskule. Hoffskulen til Karl den store (også kjend som Ada-skulen) stod bak dei eldste manuskripta, mellom anna Godescalc-evangelieboka (781–783), Lorsch-evangelia (778–820), Ada-evangelia, Soissons-evangelia, dei gylne Harley-evangelia (800-820) og Wien-kronings-evangelia; ein reknar vanlegvis med ti manuskript til denne gruppa. Manuskrip frå denne hoffskulen var ornamenterte og prangande, med ein stil som minna om verk i elfenbein og mosaikkar frå Ravenna.
Tidleg på 800-talet samla erkebiskop Ebbo av Reims, kunstnarar i Hautvillers (nær Reims) og omforma karolingisk kunst til noko heilt nytt. Ebbo-evangelia (816–835) blei måla med raske, friske og levande penselstrøk, og synte ein inspirasjon og energi som var ukjend i klassiske middelhavsformer. Andre bøker knytte til Reims-skulen inkluderer Utrecht-psalteret, som kanskje var det viktigaste av alle karolingiske manuskript, og Bern Physiologus, den eldste latinske utgåva av den kristne allegoriske teksten om dyr. Dei uttrykksfulle animerte figurane til Reims-skolen, særleg Utrecht-psalteret med naturalistiske, ekspressive figurlinjeteikningar, ville ha innverknad på nordleg mellomalderkunst i fleire hundreår seinare, inn i den romanske perioden.
Det blei utvikla ein anna stil ved klosteret til heilage Martin av Tours, der store biblar blei illustrerte basert på seinantikke bibelillustrasjonar. Det blei laga tre store biblar ed denne skulen, det siste og beste eksemplaret blei laga kring 845/846 for Karl den skalla, kalla Vivian-Bibelen. Skulen i Tours blei stoppa av invasjonen til normannarane i 853, men stilen hadde då allereie gjort permanent inntrykk på andre kunstsenter i Det karolingiske riket. høgre|mini|Frå Utrecht-psalteret frå 800-talet. Naturalistiske og energiske linjeteikningar av figurar var heilt nye, og kom til å bli ei av dei mest innverknadsrike oppfinningane for karolingisk kunst i seinare periodar. Bispedømet Metz var eit anna senter for karolingisk kunst. Mellom 850 og 855 blei det laga eit sakramentarium for biskop Drogo kalla Drogo-sakramentariet. Dei illuminerte, historie-dekorerte initialbokstavane her kom til å ha innverknad inn i den romanske perioden, og var ei harmonisk sameining av klassisk bokstavering med figurscenar.
Tradisjonane frå fyrste halvdelen av 900-talet blei fortsette i den andre. fortsatte. Det blei laga ei rad rikt dekorerte biblar for Karl den skalla som smelta saman former frå seinantikken med stilane som var utvikla i Reims og Tours. Det var i løpet av denne tida at ein fransk-saksisk stil dukka opp i Nord-Frankrike som integrerte hiberno-saksisk flettestil, og kom til å overleve alle dei andre karolingiske stilane inn i det neste hundreåret.
Karl den skalla skipa som bestefar sin også ein hoffskule for kunst. Kvar denne heldt til er usikkert, men det finst fleire manuskript som er tilskrivne denne, med Codex Aureus til heilage St. Emmeram (870) som den siste og mest spektakulære. Skulen omfatta element frå Tour og Reim, men smelta saman med stilen som prega dei meir formelle manuskripta frå hoffskulen til Karl den store .
Etter at Karl den skalla døydde avtok støtta til å laga manuskript. Dette signaliserte byrjinga på slutten for produksjonen, men noko arbeid fortsette likevel ei stund til. St. Gall-klosterte skapte Folchard-psalteret (872) og Det gylne psalteret (883). Denne galliske stilen var unik, men mangla nivået av teknisk meistring som fanst i andre regionar.
Skulptur og metallarbeid venstre|mini|Dekselet til Codex Aureus til St. Emmeram frå 870, pynta med edelsteinar. Høgt skatta karolingiske manuskript var meint å ha klenodiebind — forseggjorte bind i edelmetall med edelsteinar og utskorne elfenbeinspanel. Desse blei nokre gongar gjevne ei tid etter at sjølve manuskriptet blei laga. Berre nokre få slike bind er att i intakt tilstand, men mange av elfenbeinspanela har overlevd åleine etter at binda er blitt brotne opp for å henta ut materiala. Emna i utskjeringane var ofte narrative religiøse scenar i vertikale seksjonar, ofte henta frå måleri og utskjeringar frå seinantikken. Fram- og bakpanela til Lorsch-evangelia nytta ein keisarleg trium frå 500-talet til å framstilla triumfen til Kristus og jomfru Maria.
Nokre viktige karolingiske døme på gullsmedarbeid er framsida til Lindau-evangelia; dekselet til Codex Aureus til heilage Emmeram, som ein kan datera presist til 870, er truleg laga i same verkstad, sjølv om det er noko skilnad i stilane. Denne verkstaden er knytt ti keisar Karl II (den skalla), og blir ofte kalla hans «Palasskule». Kvar denne heldt til, og om han hadde ein fast stad, er ikkje slått fast og er mykje omdiskutert. Saint-Denis Abbey utanfor Paris er ein leiande kandidat.Lasko, 60–68 Arnulf-ciboriumet som no er i Münchner Residenz er det tredje viktige verket i gruppa; alle tre har fine relieffigurar i gullopptrykk. Eit anna verk knytt til verkstaden er omfattinga til eit antikt serpentinfat i Louvre.Lasko, 64–65, 66–67; picture of the dish
Karl den store gjenoppliva bronsestøyping i stor skala då han skapte eit støyperi i Aachen som støypte dørene til palasskapellet hans, i imitasjon av romersk design. Dette kapellet hadde også eit krusifiks i heilfigur, no tapt, med ein kristusfigur i gull. Dette er det fyrste kjende dømet på denne typen kunstverk, som seinare blei særs viktig i kyrkjene i mellomalderen. Figuren var truleg av tre som var blitt mekansik forgylla, som den ottonianske gullmadonnaa frå Essen.