mini|Praktbind frå mellomalderen. Klenodiebind er rikt utsmykka bokbind som særleg stammar frå tidleg mellomalder. Dei er danna av trepermar som kan vera dekorerte med metallarbeid i gull eller sølv, edelsteinar og elfenbein, i tillegg til vanlegare bokbindingmateriale som lêr, fløyel eller anna fint stoff. Ofte blei berre framsida av boka utsmykka. Det er funne bind med utskore elfenbeinarbeid, der permane ofte utgjorde eit diptykon. Andre er dekorerte med gullsmedarbeid og celleemalje (émail cloisonné), medan andre igjen er heilt dekte av plater og felt i gruveemalje (émail champlevé).«Klenodiebind» i Nordisk Leksikon for Bogvæsen, bind 1, side 512 av Edward C.J. Wolf.

Bokbindingsteknikken er den same som for andre mellomalderbøker, med folioar, vanlegvis av vellum, sydde saman og bundne til ytterpermar av tre. Metallarbeidet blir så festa til permane, vanlegvis med stifter. Andre stilar har nytta edelsteinar og typisk perler på eit tøydekke som dei blir sydde fast til eller festa på anna vis. Desse kan også omfatta broderi, og har gjerne vore private bøker som tilhøyrer ein staseleg person, særleg bønebøker og tidebøker.

Klenodiebind verkar å ha eksistert frå minst seinantikken, sjølv om det ikkje er nokon attverande eksemplar frå denne tida, og eksemplar frå tidleg mellomalder er svært sjeldne. Dei blei mindre nytta ved slutten av mellomalderen, men det er blitt lagra nokre få av dei i vesten heilt fram til moderne tid, og mange fleire i område der ortodoks kristendom har dominert. Binda blei hovudsakleg brukte på prangande illuminerte manuskript, særleg evanegliebøker utforma for altar og for bruk i gudstenester, heller enn for studiar i bibliotek.Michelle P. Brown, Understanding Illuminated Manuscripts, revised: A Guide to Technical Terms, 2018, Getty Publications, , 9781606065785 google books

Dei aller fleste av desse klenodiebinda blei seinare øydelagde for å ta ut det verdifulle gullet og juvelane i dei av røvarar eller av eigarar som trong pengar. Andre er blitt att utan juvelane sine, og mange er ikkje lenger bundne fast til ei bok, eller er blitt sette på ei anna bok. Nokre er att i større bibliotek, som Morgan Library i New York bty, John Rylands Library i Manchester, British Library i London, Bayerische Staatsbibliothek i München og Bibliothèque Nationale i Paris. Ettersom dei utskorne elfenbeinrelieffa ofte ikkje kunne resirkulerast, har mange fleire av desse overlevd. Andre døme er nedteikna i dokumentkjelder, men berre bøkene er att, ikkje binda. Book of Kells tapte bindet sitt etter eit røveri, og kvar som skjedde med bindet til Book of Lindisfarne er ikkje dokumentert.

I ortodokse kyrkjer har ein halde fram med å laga klenodiebind fram til våre dager, hovudsakleg for evangeliebøker nytta for liturgiske føremål. Dei finst i mange ulike kunstnariske stilar.

Teknikk og produksjon

Teknikkane for å laga klenodiebind har utvikla seg gjennom historia i lag med teknologien og metodane som blei brukt til å laga bøker. Historia til boka byrjar på 300-talet, då manuskript av papyrus eller vellum fyrst blei flata og gjort om til bøker med klippa sider bundne saman gjennom hol som var laga i kantane. Frå 400-talet blei bøkene sydde saman på denne måten med lêrreimer for å gjera bindinga sterkare og meir langlivd, med treplater oppå og under for å halda sidene flate. Desse reimene blei så etterkvart knytta inn i platene og heilt dekte av lêr.

Plater gjorde det mogleg å legga til dekorativ ornamentering, med metallinnfatningar sette inn i treet for å kunne setja inn dyrebar edelsteinar og juvelar. Dekkematerialet blei då lagt til over innfatninga for hand og skore rundt kanten av innfatninga for å syna fram juvelane. Bøkene som blei bundne inn slik var evangelium og andre religiøse bøker som blei laga for bruk i kyrkja. I mellomalderen gjekk ansvaret for å lage pryda bøker til metallarbeidarar og laug, ikkje til bokbindarane, som arbeidde med flak av gull, sølv eller kopar for å lage juvelerte og emaljerte panel som blei stifta til treplatene for seg.

Andre former Bokutstyr av metallarbeid inkluderte òg metallspenner som heldt boka lukka når ho ikkje var i bruk, og isolerte metallelement som dekorerte lêr- eller kledebind, som var svært vanlege i større bibliotek seinare i mellomalderen. Dekorative bokspenner eller band blei laga med juveler eller siselert metall frå 1100-talet av, særleg i Nederland og Tyskland. I Skottland og Irland frå 800-talet eller tidlegare, blei bøker som blei sett på som relikviar av klosterleiarar, innfatta i dekorerte metall-relikvarium kalla cumdach, og etter dette blei dei truleg ikkje brukte som bøker. Desse blei til og med borne ut i slag som eit slags banner, og dei blei borne av soldatar som ein vernande amulett. Bokkassettar eller boksar blei òg dekorerte med juvelar og nytta til å husa små utgåver av Koranen på denne tida.

På 1500-talet var «gullbøker» på mote. Desse var små, religiøse bøker som var dekorerte med juvelerte eller emaljerte omslag og borne i belte eller rundt halsen som smykke ved det engelske hoffet. Desse gjenstandane kan ein sjå i portrett frå perioden og i oversyn over skattar frå styret til Henrik VIII og Edward VI.

Historie

mini|Restaurerte bind frå 1500-talet av fløyel brodert med perler til Elisabeth I på ei bok om kyrkjehistorie. Klenodiebind var ein luksus som berre var tilgjengeleg for ein rik elite, og blei tinga av rike private samlarar, kyrkjer og høgtståande geistlege og kongelege. Dei blei ofte tinga som gåver til eller av kongelege eller adelege. Den tidlegaste referansen til dei er i eit brev av Hieronymus frå 384, der han skreiv spottande om rike kristne kvinner som har bøker «skrivne i gull på lilla vellum, og klede med juveler.»Needham, 21 Frå minst 500-talet av finn ein dei i mosaikk og andre bilde, som ikonet av Kristus Pantokrator frå 500-talet i Katarinaklosteret og den kjende mosaikken til Justinianus I i San Vitale-basilikaen i Ravenna. Elfenbeinspanelet som ofte blei plassert i midten av omslaget blei laga etter stilen til konsulardiptykon, og i mellomalderen blei ein stor del av dei overlevande eksemplara gjenbrukte til bokomslag.Needham, 21 Nokre bind blei laga for å innehalda relikviar av helgenar, og desse store bøkene blei tidvis sett hengande frå gullstavar og tekne med i offentlege prosesjonar for bysantinske keisarar. Særleg innan keltisk kristendom i Irland og Storbritannia blei relativt vanlege bøker som hadde tilhøyrt klosterhelgenar behandla som relikvier, og kunne bli gjeninnbundne med eit klenodiebind, eller lagt i ein cumdach.

Gull og edelsteinar skaper ikkje berre inntrykk av rikdom, sjølv om dette utan tvil var ein del av formålet deira, men dei gav også ein forsmak på den rike naturen til Den himmelske byen eller paradis. Ein trudde at bestemte juveltypar hadde sterke medisinske eller magiske eigenskapar, dokumenterte i populære bøker kjende som lapidarium.Metz, 26-30 Nokre liturgiske bøker med rike bind kan ved tekstanalyse visast å mangla viktige delar av den normale teksten ein bruksversjon ville hatt, som Book of Kells og Codex Aureus frå Echternach. Dei kan ha vore brukt til høgtlesing ved gudstenester, men i eit kloster var dei meir ein del av innreiinga i kyrkja snarare enn i biblioteket. Dokument frå Kells-klosteret viste at Book of Kells var oppbevart i sakristiet.

Bysantinske og vestlege klenodiebind frå mellomalderen er ofte ikkje heilt like i stil. I tillegg til at vekra blei gjort ferdige til ulike tider og nokre gonger i ulike land, blei delane òg fjerna og brukte opp att til andre verk eller tilsett nye delar etterkvart som tida gjekk. Til dømes kjem dekket til Lindau-evangela frå ulike delar av Sør-Tyskland, medan det nedre eller bakre dekket blei skapt på 700-talet (tidlegare enn boka dei no dekorerer blei laga), medan det øvre eller framre dekket blei gjort ferdig på 800-talet; begge omfattar forgylla metall dekorert med juvelar. Det er ikkje kjent kva tid dei fyrst blei nytta på dette manuskriptet.Needham, 24–29

Utanfor klostera blei dei framveksande bokbindarlauga ofte juridisk avgrensa frå å bruka juvelar på bøker. Sjølv om dette ikkje hadde nokon merkbar innverknad på handverket med å dekorera bøker, men dei gav føring for kor mange juveler det var lov å nytta avhengig av stillinga eller rangen til tingaren. Nesten ingen engelske klenodiebind frå den tidlege middelalderen overlevde oppløysinga av klostera og den engelske reformasjonen, då kyrkjebibliotek i England blei oppløyste og kleondiebinda blei fjerna under ein lov om å ta og betala inn i skattekassa til kongen «all gold and silver found on Popish books of devotion.» Reformasjonen i resten av Europa førte ikkje til liknande raid, men dei fleste overlevande binda er frå katolske område som unngjekk seinare krigar og revolusjonar.

Trass i at bøker blei gjort billigare og meir utbreide gjennom utviklinga av trykking, heldt den kunstneriske tradisjonen med å laga klenodiebind i England fram, men sjeldnare og ofte i einklare design. Luksusbind var framleis populære ved det engelske hoffet, noko som er tydeleg frå arkiva til det private biblioteket til dronning Elisabet I, som hadde mange fløyelsbind. Etter eit besøk til Royal Library i 1598 skreiv Paul Hentzner om bøkene at dei var «bunde i fløyel i ulike fargar, men hovudsakleg raud, med spenner av gull og sølv; nokre har perlar og edelsteinar sett i binda.» Gjennom 1500- og 1600-talet utvikla stilen seg til å nytta sateng, silke og lerret i bokbinding dekorert mindre med juvelar og meir med broderi, metalltrådar, perler og paljettar.

Gjenoppliving Etter at bokbinding med juvelar hadde hatt ein renessanse, avtok praksisen i England fram til han blei gjenoppliva rundt hundreårsskiftet til 1900-talet i England. Francis Sangorski og George Sutcliffe frå Sangorski & Sutcliffe-binderiet var svært innverknadsrike i gjenopplivinga av stilen. Binda deira hadde ikkje dei store uslepne edelsteinane som ein nytta i mellomalderen, men halvedelsteinar i cabochon innfatta i vakkert designa bind med fleirfarga lêrinnlegg og forseggjorte forgylte avtrykk. Handverket bak desse binda var framifrå; berre konkurrentane Riviere produserte arbeid av liknande kvalitet. Den mest kjende av disse binda er The Great Omar (1909) på ei stor utgåve av Edward FitzGerald si gjendiktiga av Rubaiyat av Omar Khayyam, som inkluderte fine avtrykk, innlegg av farga lêr og 1050 juvelar i eit påfugldesign. Boka gjekk ned med Titanic i 1912. I dag er en tredje reproduksjonen av denne innbindinga den einaste som har overlevd, etter at den andre, som blei reprodusert etter Sutcliffe sitt design av nevøen hans Stanley Bray, blei skadd i Blitzen under andre verdskrigen. Bray sitt andre forsøk på å gjenskapa designet, den tredje versjonen som har overlevd, blei plassert i British Library i 1989.

Andre binderi som skapte bøker i denne stilen i denne perioden var selskapa til Rivière og Zaehnsdorf. Den største samlinga av desse meisterverka var den til Phoebe Boyle; over 100 klenodiebind blei selde i 1923.

I 1998 kjøpte Rob Shepherd frå Shepherds Bookbinders både Zaehnsdorf og Sangorski & Sutcliffe. I dag er bokbinding med juvelar ein sjeldan praksis, og både store og små bokbindarar har funne at kunstforma er vanskeleg å halda i live i dagens samfunn. Binda som finst i dag er som regel i private samlingar eller i større bibliotek og museum over heile verda.

Galleri

Sjå òg Kamé

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Klenodiebind» frå , den 28. mai 2023. Denne artikkelen bygger på «Treasure binding» frå , den 5. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mellomalderen Kategori:Handverk Kategori:Bøker