Ditzingen er ein by og ein kommune i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland med nær 25 000 ibuarar. Kommunen omfattar 30,4 km² og byen ligg 303 meter over havet. Ditzingen grensar i sørvest til storbyen Stuttgart, noko lengre er det til Ludwigsburg i nordaust. Kommunen høyrer til Landkreis Ludwigsburg.
Fleire store verksemder held til i Ditzingen. Maskinverkty-produsenten Trumpf er største sysselsetjar. Sikringselskapet Thales si tyske avdeling ligg i byen. Også bokforlaget Reclam Verlag arbeider utifrå byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ditzingen» frå , den 28. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Baden-Württemberg