Aadel Lampe (), også kjend som Aadel Knudsen, var ein norsk kvinnesaksforkjempar, lærar og liberal politikar. Ho var formann i Norsk Kvinnesaksforening frå 1922 til 1926 og vararepresentant på Stortinget i perioden 1922–1924, som ei av dei fyrste kvinnene vald til Stortinget.
Utdanning og yrkesliv Lampe tok eksamen ved Nissens Pigeskoles Høiere Skole for Voxne unge Piger (også kalla «Guvernanteskolen») i Christiania, dåtidas høgaste utdanning som var open for kvinner, og vart deretter tilsett som lærar ved Nissens Pikeskole. I dette miljøet, som bestod av dåtidas høgast utdanna kvinner i Noreg, stifta ho kjennskap med kvinnesaka. Seinare vidareutdanna ho seg som lærar for døve barn, og var tilsett som lærar ved Balchens døveskole og deretter ved Hedevig Rosings skole for døvstumme barn. Då Hedevig Rosings skole vart lagd ned slutta Lampe som lærar og byrja å arbeide ved det såkalla «Pleiebarnskontoret», som seinare var ein del av Oslo helseråd.
Politikk og aktivisme Lampe var medlem av Norsk Kvinnesaksforening frå starten i 1880-åra. Ho vart styremedlem i 1895 og var viseformann i periodane 1899–1903 og 1912–1922, i formannsperiodane til statsministerfruene Fredrikke Marie Qvam og Randi Blehr. I 1922 etterfølgde ho Blehr som formann i foreininga. I 1926 vart ho utnemnd til æresmedlem i foreininga i samband med at ho gjekk av som formann etter over 30 år i styret.
Lampe var opphavleg medlem av Venstre, men vart seinare aktiv i Frisindede Venstre. Ho var vararepresentant til Stortinget for Christiania i perioden 1922–1924, vald inn på felleslista til Høgre og Frisinnede Venstre ved Stortingsvalet 1921. Valet var fyrste gongen ei kvinne vart vald inn som fast representant: Karen Platou som stod framfor Lampe på den same lista i den same valkrinsen; Lampe var ein av fire kvinnelege vararepresentantar innvald det året og var dimed blant dei fyrste kvinnene vald til Stortinget.
Lampe var også varamedlem av hovudstyret i Frisindede Venstre og styremedlem i kvinneorganisasjonen til partiet.Aslaug Moksnes. Likestilling eller særstilling? Norsk kvinnesaksforening 1884–1913, Gyldendal Norsk Forlag, 1984, ISBN 82-05-15356-6 Lampe er også kjend som medunderskrivar av eit brev til regjeringa, saman med Randi Blehr og Cecilie Thoresen Krog, som kravde at kvinner kunne verte utnemnde som embetsmenn.Thordis Støren, Justitias døtre: de første kvinnelige jurister i Norge, s. 59, Oslo, Universitetsforlaget, 1984, ISBN 8200071723
Familie Foreldra til Lampe var sokneprest Claus Ernst Lampe (f. 1807) og Drude Cathrine Haar Daae (f. 1817). Ho vart gift i 1885 med statsrevisor Henrik Magnus Knudsen og var som gift kjend som Aadel Knudsen. Etter at ho vart skild brukte ho igjen namnet Lampe. Systera hennar, Dina Lampe, var gift med stortingsmannen og stadsfysikus Ole Jacob Sparre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aadel Lampe» frå , den 24. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Aadel Lampe hos Kvinnesak.no
Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Norske pedagogar Kategori:Frisinnede Venstre-politikarar Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Folk frå Stranda