Dagny Caroline Kiær (), også kjend som Dakky Kiær, var ein norsk kvinnesaksforkjempar, venstrepolitikar og sosialskuleleiar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening 1946–1952 og leiar for Norske Kvinners Nasjonalråds sosialskule 1946–1953.
Liv og virke Kiær var dotter av høgsterettsadvokaten Frits Kiær og Julie Caroline Helene Løvenskiold. Faren var ordførar i Aker ein periode, mens morfaren, hoffsjef Herman Løvenskiold (1838–1910), eigde Ullern gard. Mot foreldras vilje tok ho examen artium i Christiania i 1913, fortsette å studere og tok lærareksamen.
Høgst uvanleg for si tid heldt Kiær på farsnamnet då ho gifta seg i 1915. Ho vart skild i 1927, etter å ha fått fire barn. I 1931 gjennomgjekk ho dei sosiale kursa til Norske Kvinners Nasjonalråd (NKN), som var dåtidas einaste form for sosialarbeidarutdanning. Ho var knytt til NKN i ulike samanhengar dei neste 20 åra, som leiar for dei sosiale kursa, sekretær for NKN, styremedlem og leiar for NKNs sosialskule. Ho heldt ei rekkje føredrag over tema som Den enslige mor og hennes problemer, Barnetrygd og Kvinnens arbeid og hennes rett til erverv.Ingeborg Fløystad, «Dakky Kiær», i Norsk biografisk leksikon
Kiær var medlem av Oslo bystyre for Venstre 1952–1956, etter å ha vore vararepresentant 1945–1951.Dakky Kiær, NKF
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dakky Kiær» frå , den 24. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Venstrepolitikarar i Oslo Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Folk frå Oslo