Klokkeblåstjerne (Hyacinthoides non-scripta) er ei plante i klokkeblåstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Vest-Europa.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1928. Arten er i auke og veks langs kysten frå Sandefjord til Kristiansund. Dei fleste av funna som har vore registrerte som klokkeblåstjerne, syner seg å vere hybridklokkeblåstjerne. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Klokkeblåstjerneslekta