Tyrkiasnøstjerne (Scilla bifolia) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Sør-Europa, Tyrkia og Kaukasus.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla på 1960-talet. Arten er seinare registrert på ein handfull stader nær kysten frå Oslo til Trondheim. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO). Arten er rekna som ein dørstokkart.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Snøstjerneslekta