«Ela» (gresk skrift Έλα, norsk omsetjing 'kom igjen') er ein song frå 2022 som vert framført av den greske songaren Andromache. Songen vart internt vald av den kypriotiske ålmennkringkastaren CyBC til å vere det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «Ela» er ein latinopoplåt med vers på engelske vers og refreng på gresk. Songen er skriven av eit internasjonalt låtskrivarteam som har levert ei rekkje Eurovision-bidrag tidlegare. Alex Papakonstantinou har blant anna skrive «Fuego» som Kypros fekk ein andreplass med i 2018, mens Arash deltok for Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2009.

Songen og artisten Andromache vart internt valde av kringkastaren CyBC til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2022. Artisten og songen vart annonserte under ei tv-sending 9. mars 2022, mens musikkvideoen vart lagd ut på YouTube-kanalen til Panik Records dagen etter. 11. mars 2022 vart songen tilgjengeleg på alle strøyme- og salgsplattformar.

Eurovision Song Contest «Ela» deltok i den andre semfinalen av Eurovision Song Contest, torsdag 12. mai 2022. Der blei songen nummer 12 av 18 bidrag. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.

Sceneframsyninga og framføringa i Eurovision var regissert av koreografane Marvin Dietmann og Dan Shipton.

Listeplasseringar Liste (2022) Høgasteplassering Hellas (IFPI) 45 Litauen (AGATA) 76

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ela (Andromache-sang)» frå , den 5. desember 2022.

Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Greske songar Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Greskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar