«Breathe» (norsk omsetjing 'pust') er ein kraftballade frå 2022 som vert framført av den montenegrinske songaren og låtskrivaren Vladana Vučinić. Songen vart internt vald av Radio i televizija Crne Gore (RTCG) som det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «Breathe» er skriven av Vučinić selv, saman med Darko Dimitrov, som også stod for produksjonen og miksinga. Dimitrov hadde tidlegare skrive låten «Proud», som Tamara Todevska vann juryavrøystinga med i 2019.

Ifølgje Vučinić er teksta basert på ei «vanskeleg prøving» som ho og familien hennar gjekk gjennom i 2021, og kjenslene hennar vart til tekst og musikk. Ho skildrar «Breathe» som ein kjensletung, mektig og melankolsk song.

«Breathe» var eit av 30 bidrag som kringkastaren RTCG mottok til arbeidet med å finne det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Ein jury på ti medlemmar plukka ut «Breathe» som vinnar, og låten vart utgjeven 4. mars 2022. Vučinić framførte songen live fyrste gong under ein konsert i Stockholm ei veke seinare.

«Breathe» deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest torsdag 12. mai. Songen vart nummer 17 av 18 i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Breathe» frå , den 5. desember 2022.

Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Montenegrinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar