Rune Støstad () er ein norsk byråkrat og politikar frå Vinstra i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oppland fylke.

Støstad er utdanna journalist ved Høgskulen i Volda og sidan vidareutdanna i leiing ved Handelshøyskolen BI i Oslo. Han har vore tilsett i Norsk Rikskringkasting, Eidsiva Energi, Nord-Fron kommune og Lillehammer-Gudbrandsdal Kunnskapspark.

Frå 2011 var Størstad medlem i Nord-Fron kommunestyre, der han frå 2015 til -21 var ordførar. I 2021 vart han, saman med Rigmor Aasrud, vald inn på Stortinget som representant for Oppland og Arbeidarpartiet.

Støstad var først i Kommunal- og forvaltningskomiteen.I april 2024 bytta han til Næringskomiteen. Der er han andre nestleiar, og næringspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet.

Referansar

Kjelder Stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Ordførarar i Nord-Fron Kategori:Ap-ordførarar i Oppland Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Nord-Fron