Melissa Linn Berman Bjånesøy ( i Chicago) er ein amerikansk-fødd norsk fotballspelar som spelar for Stabæk i Toppserien.«Jakter EM-medalje og toppkarakter», av Christer Madsen, frå NFFs heimeside, 31. mars 2011. Besøkt 18. juli 2013.

Karriere Klubbkarriere Bjånesøy spela aldersbestemt fotball i Lyngbø SK før ho gjekk til Sandviken. Ho fekk i 2011 Statoils talentpris. Etter at Sandviken rykka ned frå Toppserien i 2013, var ho ønska av ei rekkje toppklubbar. Ho valde å signere for Stabæk før 2014-sesongen.

Landslagskarriere Bjånesøy har landskampar for J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.

Bjånesøy vart toppscorar i U-19-EM i 2011, med sju scorande mål.«Seven-goal Bjånesøy takes scoring prize», fra UEFAs hjemmeside, 11. juni 2011. Besøkt 18. juli 2013 Ho scora i alle fem kampane frå gruppespelet og fram til finalen, der Noreg tapte 8–1 for Tyskland.

Bjånesøy debuterte for det norske A-landslaget i januar 2012 mot Sør-Korea. I hennar andre A-landslagskamp scora ho sitt fyrste mål mot Kina.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Melissa Bjånesøy» frå , den 22. november 2022.

Bakgrunnsstoff Melissa Bjånesøy på UEFA.com Melissa Bjånesøy på Noregs fotballforbund Melissa Bjånesøy på Soccerdonna.de Melissa Bjånesøy på Soccerway.com

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Chicago Kategori:Folk frå Bergen